Mor og barn er fornøgde og klare for dåpen, Eldrid runda 30 års denne dagen.
Dåpsbarnet sammen med foreldre, fadrar og presten vår Frode.
Etter eit år som eit-åringspar ved sjømannskyrkja i Pattaya, er Anne Grete og Kjell Ivar no tilbake i heimlege trakter. Minnebanken er full av minner frå eit år som i høgaste grad vart annleis.
Søndag 6 nov. var det klart for konsert i Bygstad kyrkje. Kjell Ivar hadde laga til konsert der vi samla inn pengar til barneheimen Baan Jing Jai i Pattaya. Parkeringsplassen utanfor kyrkja vart alt for liten.
Kyrkja vart fylt opp , Asbjørn hjelpte til slik at alle skulle få plass.
Det var flott å kunne ynskje velkommen til konsert når kyrkja var fullsett, nesten 300 stk. Stort at denne forsamlinga er med på å hjelpe barn som ikkje har alle dei godene vi har her i vår bygd.