onsdag, februar 13, 2008

Vinter på hell?

På søndag var det ein etterlengta dag med finever. Og for oss som bur litt over havet, så kan vi "bade" i sol medan bygda ved fjorden ligg tildekka av eit tjukt teppe av skodde.
Anne Grete fekk ta seg ein tur medan eg var på Viksdalen for å spele til gudsteneste. Storehesten er no ganske fin også med litt snø på. Mengda er nok adskilleg mindre enn det som er vanleg eit "normal-år" (viss slikt eksisterer).

Forrige helg (3/2) skulle eg ha konsert med eige stoff og hadde invitert kor, musikarar og solistar til Bygstad kyrkje. Men den dagen kom det mest forrykande vinterveret vi har hatt i heile vinter.



Marianne Juvik Sæbø som skulle køyre heilt frå Bergen hadde med seg minstejenta si på 3mnd. Eg er glad alle kom både vel fram og heim igjen. Anne Grete fekk gleda av å sjå etter Veslemøy medan mamma song.

Det var ifjor 10 sidan første gong eg presenterte ein heil konsert med eige stoff med Marianne som solist. I fjor på denne tid var avstanden (til Thailand) for lang til at det var mogeleg å gjennomføre, og i haust melde Veslemøy sin ankomst til familien Sæbø. Så difor denne forseinka utgåva. Eg har hatt den gleda å få ha ganske mange konsertar saman med Marianne, noko som har betydd mykje for meg både i jobben som organist og som musikar generelt.

Margret Henden Aaraas studerte saman med Marianne på Gimlekollen mediasenter i Kristiansand på slutten av 80-talet Dei song song duettar også den gongen. Veldig artig å høyre dei saman igjen.

Elles hadde eg med Knut Henning Litsheim som solist og saman med Førde Kammerkor framførte han saman med Marianne noko frå påske-cd-en "Det er fullført" som vi produserte våren 2006.

Veret vart hovudgrunnen til at det ikkje kom så mykje som ynskjeleg, men det kom faktisk meir enn vi vågde håpe på, veret teke i betrakning.


Kommande helg er det revy i Bygstad og eg har ansvar for revy-bandet. Det vert på mange måtar stor overgang med tanke på musikkstil og utfordringar. Men moro er det. Og for ein grå-håra ungdom midt i femti-åra, er det litt artig å komme i nærkontakt med musikkformer som ikkje har vore så mykje i min musikalske kvardag. Eg lærer mykje og får nye utfordringar. Heile konseptet er svært samansveisande for deltakarar, som alle er avhengig av kvarandre for at resultatet skal bli best mogeleg. Skal prøve få litt på bloggen om korleis det gjekk.

No vert dagane berre lysare og lysare!



Ingen kommentarer: