onsdag, august 27, 2008

Slutt på ferien.

Siste helga i ferien reiste vi til Sotra for og besøke Janne Mari og Geir Morten. Veret var kjempefint , etter ferja Lavik - Oppedal tok vi oss ein skikkeli "lunch" rast.
Fredag kveld kom Anne Malin, Emil Andre, Stig Magne, Anita og Magnar på besøk. Dei var i Bergen med flyttelass for Anne Malin.
Etter god mat var det tid for ein tur rundt på Skogtun Campingplass. Geir Morten viste oss rundt der han har vakse opp. "Ei fin perle ut mot havet".
Før gjestane drog tilbake til Bergen var det tid til eit kamp med "kubb". I sommar har det vert mange kampar " kubb" eit engasjerande og spennande spel.
Også denne gangen kunne vi glede oss over vakker solnedgang i behageli tempratur.
Andre helga i august var vi ein tur til Bryn. I Norheimsund har Marit og Audun si perle.
Her har dei ein fantastisk eigendom som dei brukar så ofte dei kan. Denne helga feira vi Audunn sin 60 års dag.
Nede ved sjøen har dei resturert eit naust . Her er kan det bli fint og feriere og nyte utsikt og ro ved fjorden.

Ingen kommentarer: