søndag, juli 26, 2009

Turen nedover til Telemark.

Fredag 17 juli var vi klare for tur til Telemark der Manee skulle vere ei veke hos Pasara og Ole Vidar. Første stopp tok vi på Gaularfjellet der det måtte takast nokre bilde av utsikten.


Her kryssar vi Sognefjorden ( Dragsvik - Hella ) Manee fotograferar mot Balestrand. Vi hadde fint ver på turen så det vart ein del stopp.


Neste ferje var Mannheller - Fodnes , det vart tid til litt lunch før ferja kom. Verkeli fint og sitte på svaberga og nyte maten.



Her er to fornøgde turistar som hadde fått kjøpt ferske bringebær før vi kjørte ombord på ferja.. Dette er verkeli smaken av sommar.


Etter at vi hadde kjørt gjennom Lærdalstunellen ( 24 km. ) tok vi ein liten pause i Aurland og då kom desse to her på at i dag har vi våre gift i 33 år.



Fantastisk utsikt over Aurlandsdalen.


Oppe på fjellet kom vi over ein del snø og det måtte Manee berre prøve. Slik er det når ein ikkje får nokk av dette om vinteren.




På Geilo tok vi ein litt lenger pause og då vart det tid til kaffi og kaker før vi tok fatt på siste del av turen. Ole Vidar hadde frista med god grillmat når vi kom fram.







1 kommentar:

Hansi sa...

Heia, flotte bilder. Grattla med bryllupsdagen (på etterskudd, men bedre sent enn ikke :-)).
Nå vente me bare på at dere kommer nedover til smilets land igjen. Alt det beste, fra oss her i Pattaya