søndag, februar 28, 2010

Februar.

Februar har vert ein kald måned men vi har hatt sol nesten kvar dag. Mange fine dagar har det og våre. Første helga etter at vi kom heim frå Thailand var eg ein tur til Bergen og der var vi samla tre av våre barn + svigerdatter og vesle Ella Sofie. Laurdag kveld kosa vi oss med god mat og Noke spennande på tv. Ser ut for at det som er på skjermen får størst oppmerksomheit.



Fekk og vere med når Ella Sofie fekk sitt første bad etter at ho kom heim. Ho kosa seg skikkeli i baljen sin.



Sist helg kom ho på besøk til oss på Hjelmeland. Då hadde ho begynt og smile og var veldi oppmerksom på oss. Her har ho seg ein prat med mammaen.



Bestefaren hadde ei travel helg men det vart tid til litt kos med veslejenta.




Bestemora tok mange bilder av vesla og her trur eg ho vart litt lei så det passa best med ein gjeip til fotografen.




Med eit fantastisk flott ver i februar har det blitt tatt ein del bilder. I går kveld tok vi dette bilde mot aust. Her er månen kommen opp.





Snudde meg mot vest og tok bilde av solnedgangen utruli vakkert.




I dag har vi vert ein tur i skogen. Her er det mange fine skogsveier og gå i vakker natur. Med ein flyplass som ligg ute i " skogen" Er det ikkje berre idyll , her ser vi ein av mange store kjøyretøy som har våre i aktivitet rundt flyplassen i vinter. Kjell Ivar og Hjørdis vart ganske små i forhold til dette kjøyretøyet.



Vi hadde ei fin tur opp i Djupedalen i dag og der kunne vi sjå på mange av dei løparane som gjekk Kaldset rennet.




Appelsinene smakte utruli godt ute i sola i dag.










Ingen kommentarer: