torsdag, april 08, 2010

PÅSKE:

Vi har hatt ei fin påskehelg der vi fekk mange dagar sammen heile familjen. Britt Merete var den første som kom heim, ho brukte dei første dagane til og lage god middag til oss som ikkje hadde påskeferie endå. Her får ho opplæring av pappaen i ein "thai rett ".


Onsdag ettermiddag var alle på plass. Kurt Andre les bok for Nathalie før ho skal sove.


Ella Sofie fikk seg eit bad etter ein lang biltur.


Barne tv måtte dei små og kikke litt på før dei fant senga.




Det vart mange kosestunder sammen med bestemor her kosar vi oss med is , det var utruli godt.....




To små jenter som kosar seg sammen.



" Dissa " kom og opp og der kunne Nathalie sitte lenge for dette var kjempekjekt og disse. Tante Britt er god på å lage fart.



Nathalie og bestemor hadde mange fine turar ute på ettermiddagen. Ein dag måtte vi plukke litt blomster til mamma og pappa. Klosterklokkene blomstra fint til påske.



To damer på tur.



Fredagen var det laks på menyen!! Nathalie fyljer nøye med når bestefar skulle gjere fisken klar.




Janne mari og Geir Morten klare for eit godt måltid.




Når det er påske høyrer påskeegget med, i år vart det ett STORT egg for alle.





Påskedagane gjekk så alt for fort og 1. påskedag var det tid for å reise heim til Bergen . Her er det Eldrid som gjer Ella Sofie klar for bilturen. Nathalie med sine foreldre hadde kjørt litt før. Det blir veldi tomt i huset når to småbarn reiser heim.




Britt Merete og Kurt Andre reiste ikkje før 2. påskedag så vi fekk oss ein fin tur i skogen på nye veier der vi kunne nyte sola og fine veret. Er kjekt når ein klarer å samle familjen nokre dagar . Så har vi mange fine minner og sjå tilbake på.













1 kommentar:

Tabtim sa...

hei på dere x- ettåringer i pattaya;)

koslig å se hvordan dere hadde det i påsken, her har stillheten senket seg etter høysesongen..

litt rart at alle har reist..

klem fra nåværene ettåring Tabtim ; )