torsdag, mai 13, 2010

Våren i Bergen!!

i Fredag 7 mai var det klart for Bergens tur. Var innom i Skivebakken før eg reiste utover til Sotra. Ella Sofie har blitt ei stor jente.



Her får ho badet sitt før det er sengetid.




Sette meg på bussen og kjørte utover til Sotra det var ein nydeli kveld og komme ut mot havet.




Her er bilde tatt frå kjøkkenet til Janne Mari og Geir Morten.




Laurdag hadde vi ein fin dag i Bergen sentrum. Fint ver og mykje folk ute i vårsola. Her ser vi gjengen på Torvaldmenningen.



Lunch på Egon var ein del av programmet. Fint med ein dag der ein kan vandre rundt og sjå på folkelivet.




To store og ei lita dame som kryssa gata.



Før vi kjørte tilbake til Skogtun var det litt handling . Nathalie har full kontroll på handlevogn.




Ut på ettermiddagen kom Ella Sofie og til Skogtun.





Før middag var det tid til ei kosestund på bestemor sitt fang.




Geir Morten og Lars Eirik grilla mykje god mat til oss og her kan vi berre nyte maten og praten.





Kake til kaffien vart det også i dag. Kjekt og få nokre fine dagar sammen med "nesten" heile familjen.



Vel heime igjenn var det tilbake til vinteren. Kjell Ivar prøver så godt han kan og få gjort litt ute men det er ikkje lett i slikt ver..... tirsdag 11 mai var det slik .













Ingen kommentarer: