tirsdag, juli 13, 2010

Jonsok

Så var vi kommen til 23 juni og det var tid for litt jonsok feiring. Etter jobb var vi invetert på rømmegrøt hos min mor. Dagen var varm og fin og vi kunne nyte maten ute.


Om kvelden var det feiring på Liagjerdet, der har det våre jonsok feiring i mange år. Nokre av ungane våga seg frampå med litt sang.



Fint og komme sammen og treffe naboar og andre til ein prat over kaffikoppen.



Forskjellige leikar står på programmet , sekkeløp med " storsekk " er ikkje lett ein kan berre prøve den som vil.


Bålet vart tent ut på kvelden og det varma godt, vi hadde ein fin jonsok kveld i nydeli ver.




Ingen kommentarer: