tirsdag, oktober 12, 2010

Tur til Oslo

Laurdag 11 sept. tok vi flyet til Oslo! Vi fekk besøke Kurt Andre og søndag var det konfirmasjon til Silje Iren. Laurdag kveld tok Kurt Andre oss med på ein liten Indisk resturang med nydeli mat.


Vi kunne forlate resturange mette og god , koseli og komme inn på slike små resturangar der heile familien er sysselsatt.


Søndag føremiddag var det konfirmasjon i Ellingsrud kirke, ei fin gudsteneste med mange flotte ungdomar. Her er Silje Iren utanfor kirka.



Ei blid og fornøgd jente klar til og forsyne seg av all den gode maten.



Her ser vi mamma Inger sammen med dei to flotte jentene hennar.


Etter mykje god mat var det fint og ta ein tur ut i sola. Alle gjestane samla, ikkje ofte vi treffer slektningane våre i Oslo. Takk for at vi fekk komme og vere med på festen.



Ein tur på Karl Johan høyrer med når vi er i Oslo.



Mandag var vi ein tur for og sjå på Operaen; eit spennande og flott bygg.





Fin utsikt er det og.




Kurt Andre har med seg ostekake når vi er på Operataket, den smakar like godt kvar gong.



Må berre nytast !!!






Vi var godt fornøgde med dagane vi fikk i hovudstaden, kjekt med litt forandring frå kvardagen.



Fin utsikt frå innsida av Operabygget.


Så er det tid for og dra heim, ein prat mellom far og son. Kjekt og få vere sammen med Kurt Andre , og alt han tok oss med på.





















Ingen kommentarer: