onsdag, september 28, 2011

Blåbærtur !!!!

Siste helga i august fekk vi besøk av Nathalie og Britt Merete. Laurdagen fekk vi oss ein fin tur i skogen for og plukke blåbær. Etter ein sommar med mykje regn er det ikkje lett å krysse blaute jorder. Nathalie syntest det var alt for mykje "ku bæsh".




Tante Britt løyste problemet og begge damene kom seg trygt over.




Elva var og litt for stor til små føtter, godt og sitte på bestemor sin arm.





Så var det berre å plukke, og vi fant mange fine blåbær. Gledde oss til at vi skulle heim og lage syltetøy!!





Ikkje alle bæra kom heim, Nathalie sitt spann var stadi tomt - tru kor bæra er blitt av ???





Vi andre fekk litt bær i spannet så syltetøy vart det.





Då vi kom til denne elva måtte vi kaste litt stein, det er skikkeleg moro når det spruta heilt opp på oss.





Nathalie var skikkeleg flink å gå men på heim-veg var det godt å ha ei hand og halde i !!




Fornøgd jente med tomt spann.




Gjennom siste grinda, her må vi vere litt forsikti.






Søndag kom Ella Sofie på besøk og då vart det ein liten tur der vi leita etter ville bringebær.





To små fine damer på søndags tur!!!!






Ella Sofie fekk seg og ein sykkeltur sammen med bestefar. Nytt og spennande, nok ei fin helg sammen med barnebarn og nokre av barn/svigerbarn .











Ingen kommentarer: