søndag, juni 10, 2012

17 MAI:


 17 mai vart ein fin dag. Eg kom meg tidleg opp og fekk med meg programmet med skuleelevane . Her ser vi dei yngste framfører sitt program.


Dei eldste klassane var like flinke, og vi fekk eit utruleg flott program med oss før  vi gjekk til kyrkja.


Det er flott og  sjå at så mange i bygda stiller opp og går i tog sammen med alle barna. 


Her ser vi Bodil, Jeanett Amalie og Jorunn.


 Rosa-russen er blant dei heldige, og dei får standsmessig hesteskyss.



Godt og ha ei skulder og kvile på,små bein blir trøtte slike dagar.

Tilbake på skulen etter tog og gudsteneste. Då smakar det med mat og kaffi.


Dagens talar var ordføraren vår, Mathias Råheim. Han var flink og det var kjekt og høyre han tale.


Etter at programmet er slutt på skulen var vi samla hos Judith og Bjørn. Her kunne vi kose oss med mykje god mat.

Bjarte, Bertine, Johanna, Arne og Birgitte Kosar seg med rømmegrøten.


Ser ut forat maten smakar her og, Hilde Marie,Jeanett Amalie, Bodil Jorunn, bestemor og Harald.


Ikkje grunn til og klage på kaffi maten heller, noke for ein kvar smak.



Dei to her ser ut for at dei har hatt ein fin dag, og det hadde vi alle.

Ingen kommentarer: