lørdag, september 15, 2012

Ferie i Oslo, Gvarv, Sauda og Sotra.

 
Siste  dagane i juli var det tid for litt ferie!!! Kjørte til Gol seint søndag kveld. Kjell Ivar måtte spele på ei kveldsgudstjeniste før ferien kunne starte. Kom til Oslo ut på dagen mandag, her var det sol og sommar.


 
Vi fekk ein koseleg middag sammen med Karianne og Manee. Veldig kjekt å få treffe dei att og få prate sammen. Tida gjekk berre så alt for fort.


 
Stemningfull kveld i hovudstaden.


 
Ein tur til Ekeberg vart det også. Vi måtte berre få med oss ein fotbalkamp der våre venner frå Thailand spelte. Mange hadde møtt opp for og støtte laget. Veldig triveleg å få treffe fleire kjente frå Pattaya.



 
Ein spennande kamp der begge laga gav alt, og god stemning etterpå der det vart fotografering av minste og største spelar.



 
Onsdagen kjørte vi mot Sauda, men vi tok eit stopp på Gvarv for å besøke Pasara og Ole Vidar. Alltid koseleg og komme  til dei på besøk. Ole Vidar var sjef ved grillen.



 
Pasara er flink med det meste, og mange fine blomster har ho rundt huset .



 
Nydeleg mat (som vanleg) hadde ho og laga til. Det er berre å nyte denne gode Thai-maten.



 
Sommardagen var fin og vi kunne sitte ute på terassen.



 
Litt ut på kvelden kom vi til Sauda, der skulle vi treffe Gerd Elin og Kurt Andre. Fekk nokre fine dagar sammen med dei på hytta til famien hennar.



 
Ein tur til Sauda og eit kafè-besøk vart det også.



 
 
Siste kvelden vi var der, kom foreldra og bror til Gerd Elin. Kjell Ivar laga salat til pizzaen.



 
Full konsentrasjon ved kurrong-bordet, Det vart nok tap til familien Aase.



 
 
Fredagen kjørte vi til Sotra. Det var to spente besteforeldre som skulle treffe Madeleine for første gang. Ei smilande og bli jente har dei fått.



 
Litt kos med mamma tidleg på morningen.



 
Nathalie og bestemor reiste til Bergen på handletur med buss. Ei spent jente kosar seg på bussen.




 
På Torvallmenningen var det sett fram mange spennande spel, nokre fekk vi prøve.



 
Tid for is!!!



 
Vi skulle på handletur og i løpet av dagen hadde bestemor fått med seg ei lita prinsesse.



 
Kjekt og komme heim til vesle søster, må fortelle om alt vi har opplevd.



 
Kjell Ivar nyte siste dagen av ferien.



 
To fornøgde damer, Madeline på besøk hos tante Britt.

Ingen kommentarer: