Anne Grete og Maria valde også å la vere å dra til Bangkok på kvinnemøte om kvelden i går, då det var snakk om portforbod i Bangkok. På bilde i dag ser de "gjengen" her på "kirka".

No er vi fulltallig. Til venstre står Lars, nyepresten, så er det kona Marie. Heilt til høgre står Hans Konrad (Hansi) som var (og framleis er) ein slags ankerfeste for oss her ute. Hans formelle stilling er konsulent. Så har vi sjølvsagt våre hyggjelege og svært viktige medarbeidarar i Khum Jumnong (husmor) og Mani (vår sjåfør).
Prøver å få litt ut kvar torsdag. (Det gjekk i dag også)
Skriv gjere kommentarar, det set vi pris på.
2 kommentarer:
Kjekt å sjå gjengen i kyrkja! I morra er det 3 månader til vi reise for å besøke dåkke :) GLEDE MEG! No i helga er det fult hus på Hjelmeland, vi har besøk av 4 frå Sogndal og ein frå Bergen, i tillegg til oss tre som bur der, veldig kjekt :)
Heisann, no har vi nett sendt eit e-brev til dåke. Etterpå gjekk vi inn på denne adressa og såg at de heldigvis ser ut til å leve i beste velgåande. Håper og ber om at alt må gå vel vidare også!
(JB og Heidi)
Legg inn en kommentar