På onsdag skulle vi til å pynte plasttreet som vi har på kyrkja, men då kom det ein nordmann (i siste liten) med eit ekte juletre av edelgran som han hadde teke med som gåve til sjømannskyrkja. Veldig artig! Truleg få sjømannskyrkjer som har flybore tre frå Norge. Syns vi måtte stille oss opp attmed det for å få eit bilde.
Elles har ho mor pynta eit lite tre i husværet vårt (avplast vel å merke), så vi kan få litt forståing av kva årstid og høgtid vi eigentleg er i no. Må jo ha noko her når borna kjem.
Så då står det att å ønskje "alle våre lesere" som det heiter i mange aviser og blad:
Ei god og velsigna julehøgtid!
8 kommentarer:
Då e det like før avreise, snart ferdig å pakke :) Glede meg veldig til å sjå dåkke i levande live og ikkje berre på bilder. Det har no fått litt farge ser eg. Talast veldig snart :)
No har også vi pynta edelgran, kjekt å sjå at de og fekk eit ekte tre til jul. Her er det derimot eit par kattar i tret også:) Skal helse frå heile gjengen i huset!
No har eg kjørt Britt Merete og Kurt Andrè til flyplassen, så no er dei på veg sørover.
Gler meg veldig til "engler i sanden bilde"
Hei og god jul frå familien Amundsen i Skudalen.
Vi ser at de har det veldig bra i Pattaya og det gler oss. Her har vi det også berre bra og kl. er no snart 1/2 fire på julaftan og ribbelukta sprer seg i huset. Det er diverre 9 varmegrader, men vi kosar oss likevel. Didrik underheld oss med gitarspel så her slepp vi ha CD-spelar på.
Ha det fint alle saman med håp om ei fredfull jul og eit godt nyttår til Dykk alle
Hei.
Ynskjer dåke begge to ei riktig GOD JUL frå alle oss her i Kvame.
God jol!
Fortsatt God Jul frå Følling.
Vi er glad for at dykk trivst godt i Pattaya. Her er alt bra, men det er dårleg med julestemning.
Vi tenkjer dykk har det kjekt no når" avleggarane" er komt på besøk.
Helsing Oddny og Steinar
Hei!
Håper at dere har ei fin jul sammen med barna. Riktig godt nytt år til dere alle fra Asbjørn og meg!
Legg inn en kommentar