Dagen starta kl. 04.45 for å dra til flyplassen i Bankok for å møte våre gjester. Manee var på plass med bil og gjensysgleda var stor. Bortsett frå at Ivar og Jenny sin koffert var komme på videvanke undervegs, så var alt vel. Den kom på plass att i kveld med ekstraskyss frå flyplassen.
Den andre storhendinga i dag vart konserten til Rune (Larsen) og Helge (Nielsen) i hagen på den nye kyrkja vår som vi skal flytte til ein gong i mars. Over 170 menneske er jo kjempebra! Anne Grete hadde baka 200 fastelavensbollar og husmor hadde baka mykje anna godt. Så folk såg ut til å stortrivast både med musikk og mat.
Ha ei god veke alle!
2 kommentarer:
Ser besøket er trygt framme!!!
Godt å sjå at de har det bra alle saman!
Ynskjer (onkel) Kjell tillykke med dagen i morgon!!!!
Mange helsingar til Bygstadtrioen og Anne Grete, Bodil og Jenny frå Gudmund og Norunn.
Håpar de får gode dagar saman!
Vinterferien vår vert nok litt kaldare!
Legg inn en kommentar