Fredag kveld var vi invitert på koseleg middag saman med Manee og husmor. Dei er invitert til Norge ein tur i sommar, og det ser ut for at dei kan komme heim til oss også. Men sidan vi ikkje er heime før 17.juli og dei alt er i Norge 2.juli, seier det seg sjølv at det vert på slutten av reisa deira.
I dag var det ikkje gudsteneste og staben saman med nokre andre drog på "strandhogg" på ei flott strand 50 min. sør for Jomtien. Flott å kunne få vere sammen også på litt ferievis og nyte sol og sjø. Det vert i kvardagen eigentleg svært lite av slikt. Dagen vart avslutta med ein hyggeleg middagsbuffè i Ban Chang på ein restaurant som vert driven av ein nordmann.
Mellom der vi bur og sjømannskyrkja pågår det utviding av gata frå 2-felts til 4-felts vegbane. Thaiar gir seg ikkje så lett, ser det ut for. Personar som har hatt si salsbod med bl.a. heil grilla kylling attmed vegen, sluttar ikkje om det vert vegarbeid rundt dei. Nei, kvifor det. Så lenge gravemaskiner, vegvalsar og vegskraper held nokre meter avstand held salet fram som normalt. Så uthaldande tvilar eg på nokon heime hadde vore!
Ha ei god veke!
3 kommentarer:
Fritt for å prøve den støvete heile grilla kyllingen med smak av asiatisk krydderkunst og ein liten desj asfalt på toppen! :)
Eg trur eg går for den halve kyllingen, då får "krydderet" trekke litt meir inn i kjøttet og såleis gi meir smak av Thailand ;)
eg vil gjerne bestille ein heil kylling ferdigvalsa og klar! Ingenting er bedre enn flatklemt fugl:)
Legg inn en kommentar