Vi fekk likevel ei vassbøtte over oss i bath-taxien før vi drog. Farlangane (utlendingane) er visst verst. Når gamle menn står i truser eller badebukser og skyt med kjempestore vasspistolar på kvarandre og på bilar og motorsyklar som passerer, lurer vi litt på kva dei har gått glipp av som born.
Måndag drog vi altså på tur. Vi kunne skrive
mange bloggar på turopplevingane, men nøyer oss med å skrive i korte trekk og heller legge ut nokre bilder. Første dag gjekk nordover til Nakhonswan, ca.25 mil nord for Bangkok. Der fekk vi sjå eit heilt spesilielt naturfenomen med millionvis av flaggermus som kom ut av eit fjell (frå store grotter) når sola gjekk ned. Det varte ein halv time før alle var ute. På bilde ser det ut som ein svart orm som bevegar seg bortover.
Andre dag vart ein køyre-etappe austover på Koratplatået til Mukdahan som ligg ved Mekong-elva som er grensa mot Laos.
Tredje dag lurte vi på å reise innom til Laos over elva. Men berre for nokre timar kosta det vel mykje å innløyse både re-entry (for å komme tilbake til Thailand utan å endre på vårt noverande visa) og visa frå laos-immigration. På bilde står vi
ved elva med Laos bak oss.
Vi drog (sjølvsagt) også via eit bra stort marked før vi slo oss ned i byen Sisakhet for natta.
Vi drog (sjølvsagt) også via eit bra stort marked før vi slo oss ned i byen Sisakhet for natta.
Fjerde dagen drog vi innom ein stor nasjonalpark (Khad Phra Wihan). Der spaserte vi gjennom eit stort tempelområde (4 gamle tempel frå ca 900-talet) på Kambodjansk side utan å bli spurt etter verken pass eller visa. Måtte vise at eg vågde sitje på kanten og nyte utsikta bak det siste tempelet på fjellplatået.
Å ha Manee med som sjåfør og guide, gjorde sjølvsagt sitt til at dette vart spesielt for oss. På bilde ser vi han og kona og dottera på den "berømte" restauranten omtalt like ovanfor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar