torsdag, september 07, 2006

Ein fridag

Mest vanleg er at vi har fri på måndagar. Slik sett har vi no 6 dagars veke. Denne måndagen tok vi oss ein tur ut på ein av øyane som ligg utanfor Pattaya. Det er endå finare strender der ute. Herleg å kunne bade med slike temperaturar i vatnet. På tross av at det "formelt" er regntid her no, så var veret heilt upåklageleg. I dette område av Thailand som vi bur, er det visst minst regn.

På veg tilbake gjekk vi gjennom den berømte/berykta Walking Street. Her er det "tilbud" på det meste. Gata er einvegskjørt og bath-taxiane er det rikeleg av. Men dei er gode å ha. Kostar 10 bath (ca.kr.1,80) nesten kor lenge du sit på. Dei går sine faste ruter og tutar når dei ser nokon går på fortauet.
Syns eg også må legge med eit bilde på ledningskaoset på el-stolpane her. Eit syn for seg og lite pent.

Tirdag var det bl.a. tur til Bangkok om kvelden til eit møte i Nordmannsforbundet. Vi var 10 stk. som drog. Brukte like lang tid opp til Bangkok som inn til hotellet der møte skulle være. Men vår dyktige sjåfør (Mani ) har vore drosjesjåfør i Bangkok tidlegare. Og han prøvde finne mindre trafikerte gater (smau) for å komme fram. Imponerande.
Kjell Ivar overnatta i på eit hotell (på eit rom utan vindauge) for dagen etter å skulle vere litt til støtte for ein person i møte med rettsinstansar her.
Som de ser lever vi nokså anleis enn heime på Hjelmeland. Oppgåvene er varierte og vi har ikkje mykje oversikt alltid kva dagen vil bringe. Slik sett er det spennande.

1 kommentar:

Anonym sa...

Gleda meg skikkelig masse til å komme ned i jula. Har snakka med tollpost og det skulle gå greit å få fri. Hurra for det! Ellers sitte eg med eit eksemplar av CD'en i hendene mens eg skriv. Den ser veldig fin ut! Hurra for det og:)