tirsdag, september 04, 2007

Haust

No er det visst hausten som prøver å melde sin ankomst. Med 3-4 grader i dag tidleg, gjekk nok tankane fort til eit land langt i sør-aust med betre temperaturar, og som vi sit att med så mange gode minne frå. Vi innrømmer det med ein gong! Vi er ikkje ferdig med å prate om tida i Thailand. Om vi nokon gong blir det, er jo også usikkert. Spesielt når Hansi legg ut nytt stoff på sida si, så les vi det med endå større iver enn vi las lokal-avisa vår på nettet før vi drog til sjømannskyrkja om morgonen.

Må vise at det er litt blomster her også sjølv om det ikkje vert mykje å skryte av i forhold til Nong Nooch. Vi er komt godt i gang i vårt "nye liv". Anne Grete er no i godt i gang i barnehagen. Jobbar no i full stilling. Sjølv har eg teke til med litt drosje-køyring hos Nistad Taxi her i bygda. Skal køyre kvar måndag (og kanskje onsdagar) + ein kveld/natt i veka. Eg kom tilbake til ein 80% stilling, men kjem nok til å søkje om permisjon i 20% (av full), slik at eg jobbar 60% som organist. Trivst godt i drosja. Er det ikkje noko som heiter drosje-diakon?

Må også vise at vi har litt eple å hauste også. Skal gå relativt kjapt det då. Men smaken er jo upåklageleg, så får mengda komme etter kvart.


Vi fekk oss ein tur til Hardanger der vi fekk møte mine brødre og svigerinner (på den sida) før vi tok til i jobb att. Trur det var første gong vi hadde vore samla slik utan å ha ein einaste av "ungane" rundt.Dei fleste er jo ute av "redet" og står trygt på eigne bein. Ja, kanskje det mest vert slik framover?


På veg heim sundag kvelden, møtte vi veslandsver på sitt beste. Bildet er tatt ut bilvindauge på veg til ferje ved Oppedal. Men med tanke på teiknet som Gud sette på himmelen i Noa's dagar, så har vi ingen ting å frykte. Når det til og med vert dobbel regnboge (over naboen), må det vere godt å ta med seg inn i dagane som kjem.

At Arnold skulle gå bort så altfor tidleg, fører til mykje endra planar for Radcheni og Arvid. Då er det godt å høyre at Bø kommune og menneske rundt dei støttar opp for å gjere situasjonen best råd. Spesielt Ole Vidar og Pasara har gjort svært mykje. Vi gler oss til å få besøk av Radcheni og Arvid ein gong i haust. Håpar jo også på besøk av Ole Vidar og Pasara ein gong.
I morgon går vegen til Bergen. Skal på kurs i noko som blir kalla "babysong" på torsdag og fredag. Skal også innom ein forretning for å sjå på eit flygel. Ei testamentsgåve gjer det mogeleg å kjøpe flygel til samlings-stova på Gaular bygde- og sjukeheim. Dei gamle er så absolutt verd dette. Det vil verte jamnleg brukt på songstunder og andaktar (gudstenester). Og blir jo også ein inspirasjon for andre arrangement.
De som har vore inne å bloggen før også, ser at vi har måtta endra overskrifta til "Etter tida i Thailand". Syns det stemte litt betre med situasjonen no.
Ha fortsatt gode dagar!









Ingen kommentarer: