tirsdag, januar 24, 2012

Feriedagar!!

Vi har ei fin strand i Pattaya , og her har vi vore fleire dagar. Mykje folk og mange seljarar, men det høyrer med til strandlivet. Det går fint og koble av med ei bok eller gå ein lang tur på stranda.



Når ein blir svolten kan ein bestille god mat. Det er ein stor del av ferien å få nyte all den gode maten dei lagar her nede.






Onsdag ettermiddag fekk vi ein tur opp til barneheimen Bahn Jingjai sammen med ein del andre som ville besøke alle desse flotte barna. Vi blir tatt vel imot og det er ikkje vanskeleg og komme i kontakt med dei.







Barn og is er alltid ein suksess og smakar godt i varmen.







Hansi, Khon Phinta og Kjell Ivar i samtale med ei av jentene.







Denne karen her fekk eg god kontakt med. Han fekk låne kameraet og tok mange fine bilder til meg. Fekk til slutt tatt eit bilde av han. Det er jo utruli kjekt og få sjå seg sjøl i kamera.








Barna samla til mat. Her sit dei klare rundt bordet, men først ber dei for maten. Første gongen vi var på besøk satt dei på golvet på matter når dei fekk mat. Vi ser at bygget er slitt, og det blir nok fint når dei kan få ein ny heim.







Vi tar ofte ein tur til Pattaya og her er bilane vi køyrer med. Denne var full så vi måtte vente på den neste som kjem.







Dette flotte huset er naboen der vi bur. Det ser veldig fint ut, så det er nok ikkje den vanlege mann i gata som bur her.







Fredag var eg med på tur som Sjømannskyrkja arrangerer. Vii var 29 stk. som la ut på tre forskillige lengder: 8 km, 7 km, og 5 km. Eg gjekk den kortaste litt usikker på kor sprek ein er i denne varmen, men det gjekk fint. Tar den på 7 km. neste fredag.



.
I ein lysning i skogen var det nokre banan-plantar, men ikkje så mykje bananer å sjå.









Vi såg ikkje så mykje dyr heller, men denne her syntest nok at vi var ein merkeli gjeng som kom forbi. Det var mykje fuglesong og ingen slangar!!!!!!








Litt usikker på kva dette er, kanskje eir reir?????







Godt og få tørke den verste svetten, og få i seg litt drikke.







Snart tilbake til utgangspunktet. Ein vakker liten park, men ingen skog til å skjerme oss for sola .








Blir aldri lei av dei fine blomstrande trea her nede, mange slike frodige grønne lunger som vi kan glede oss over.


































1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å sjå, kjenne eg blir bittelitt misunneleg, men du som eg unne dåkke denne tida i det som har blitt dåkkas andre heim... Kven hadde vel trudd det for 10 år sidan ;) kos dåkke vidare, glede meg til neste innlegg!!

- elste dottera -