Torsdag var det tid for og køyre litt sørover til badestranda "vår". Vi vart full bil, men det er ikkje noke problem her nede.
Fredagen er blitt turdagen, då er det ut i "jungelen". Sist fredag var vi over 30 som gjekk ein del kilometer.
Mange artige vekstar med fine fargar.
Hansi og Kjell Ivar i rask gange. Her blir vi fort svett . Er nok husmor si store gryte med kjøttsuppe i som driv oss gjennom skogen i bra tempo.
Ein spennande frukt, men veit ikkje kva den heiter. Vi smakte ikkje på den heller.
Laurdag føremiddag var vi på tur opp til Buddha-hill, eit lite fjell med ein stor Buddha. Eit fint område med fine veier å gå tur på.
Blir så fasinert av alle dei fine blomsterne vi ser over alt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar