Vi hadde våre planer og sjåføren hadde sine, så første stopp vart eit elefant-show som var heilt greitt. Elefantane var nok mest intresserte i banan og anna snacks .
Elefant-parken var fin og vi fekk sjå ein del fin natur.
Etter fleire besøk på uønskte plassar,var det tid for lunch. Det vart ein stor opptur. Her fekk vi mat av beste sort, og vi kunne slappe av og kose oss.
Vi var ikkje åleine på tempelbesøk .
Ikkje alle hadde ein like god dag. Denne vesle jenta følte at livet var litt tungt i dag.
Oppe på tempelplassen kunne vi puste ut og rusle rundt og sjå på alle dei fine skulpturane og bygga.
1 kommentar:
kult, så ut som en fantastisk tur :)
Legg inn en kommentar