torsdag, februar 23, 2012

Dag 3. GOLDEN TRIANGLE

Tidleg onsdag morning var vi klare for tur nordover. Dagen var fin, og vi såg fram til ein spennande tur.





Vi var 13 stk i vår gruppe + ein flink sjøfør og ein dyktig guide. Vi fekk gode opplysningar om turen når vi starta , berre å nyte dagen.





Første stopp var varme kilder, Thailand er eit varmt land det er første gang vi er ved ei slik kilde.






Ikkje så farlig med ein liten dusj, vi tørka fort opp att.




Etter at vi hadde kjørt endå lenger nordover kom vi til dette flotte kvite tempelet. Her var det mykje fint å sjå.






Kan nesten sjå ut som eit eventyrslott.





På vei inn i tempelet! Mange detaljar å beundre.








Heilt utruleg vakkert, alt var så kvitt og fint.





På området var det ein ønskebrønn, her prøver Pasara lykka.






Det er ikkje ofte vi kan besøke så fine toaletter, her var det ingen ting og klage over.






Etter at vi har kjørt i fleire timar smakte det godt med bananer.





No nærmar vi oss målet for turen, her ser vi over til Laos .




Framme får vi ny informasjon før vi skal på båttur på Mekong elva.





Båtturen starta i Thailand , her ser vi ei stor Buddastatue som skuar utover elva.





Burma!! Vi fekk ikkje komme i land her, men vi såg dette spelekasinoet med eit luksus hotell. Det er nok ikkje for folket i Burma dette her.





GOLDEN TRIANGEL:







No nærmar vi oss Laos.






Her fekk vi komme i land og dei var meir enn villige til og selge oss sine varer.







Eit koseleg lite marked med mange ivrige seljarar.





Så er båtturen snart over, det var fint og vere på elva i båt. Håpar vi kan få ein lengre tur neste gong vi besøkjer Thailand.





Etter ein god lunch kom vi til den nordlegaste byen Mae Sai i Thailand. Her var det ein grenseovergang til Burma.





Her oppe er dei flinke til og laste opp mopedane sine.





Siste stopp på turen var eit lite område der Long Neck hadde ein bu plass. Dei budde i enkle hytter og her ville dei gjerne selje varene sine.





Brua som førte inn i sjølve leiren.





Her sitte " gamlemor " og jobbar, det er mange flinke handverkara i nord Thailand.





Kvelden senkar seg og vi er på vei tilbake til Chiang Mai. Dette vart ein flott dag med mange opplevingar og inntrykk. Var ein fornøgt tur-gjeng som såg tilbake på 14 timar på tur.
























































Ingen kommentarer: