fredag, mars 09, 2012

4 dag i Chiang Mai og siste dag i Pattaya!!.


Siste dagen i Chiang Mai hadde vi tenkt og rusle rundt i byen og sjå på folkelivet. Flyet vi skulle ta tilbake til Bankok gjekk på ettermiddagen. Vi gjekk over ei lita bru der det vart jobba nede i kanalen.






Innsamling av papir var det denne morningen.






Fint å gå langs kanalen, her ser vi litt av den gamle bymuren.






Ein nydeli dag til og vandre rundt i gatene. Like etter at dette bilde vart tatt vart vi stoppa av ein hyggeleg mann som ville tjene nokre bath på oss. Han ville gjerne få vise oss litt meir av alt det vakre dei lagar her oppe.






Vi takka ja til litt fleire besøk til område med veldig mykje handychraft (handtverk). Her kom vi bl.a. til flinke malarar og dei fekk pynte opp setlebøker og andre ting vi hadde med.





Her lagar dei vifter og parasollar i mange størrelsar. Det var mykje fint og sjå. Her er det ein som dekorerer skinnetuiet på passet til Kjell Ivar.







På denne fabrikken lagar dei mykje fint i tre. Det blir lakka/malt, og dei brukar også eggeskal for og dekorere med. Fasinerande og flott, mykje fint vi kunne tenkt og ta med heim. Nokre fat som dei laga brukte dei ei veke pr.lakering (tørk/glans). Når det skulle opp til 7 lag på skjønar ein at handarbeid tek tid.






Tid til ein kopp kaffi før flyet skal lette. Vi kunne summere opp ein flott tur med mange fine og artige opplevingar. Alle fire var like fornøgde.






Her forlet vi Chiang Mai for denne gang, kjem nok tilbake neste gang vi er i Thailand.






Fredag 10 feb. var vi kommen til siste dag av ferien vår. Vi var innom Sjømanskirka for og sei " ha det" til dei vi kjenner der. Her trefte vi sunnfjoringar og det er alltid like hyggeli!!

Ein kopp kaffi sammen med tre gode venner , før vi skal ta bussen til Bankok.






Manee stiller alltid opp, og han kjørte oss til bussen. Kjekt og få vere sammen med han desse vekene. Han kom til Bankok og tok imot oss då vi kom og er den siste som vinkar farvel til oss når vi reiser frå Pattaya. Gleder oss til neste gang vi treffest.






Etter ein lang flytur med eit bra flyselskap kom vi vel fram til Bergen Laurdag 11 feb. der tok Janne Mari med fam. imot oss. Godt og vere heime igjen, men vi håpar at det vil bli fleire turar til dette vakre landet som vi er blitt så glad i.






Ingen kommentarer: