
I dag skriv vi 1.desember. Og det kan seiast med ein gong: Mindre kjensle av adventstid enn dette året, har vi ikkje opplevd. Her er framleis godt 30 grader på dagtid i skuggen. Så sjølv om dei store forretningane har pynta mykje til jul, så er det svært lite som stemmer til det. Det vart litegrann stemning tirsdag kveld då eg var i Bangkok hos den svenske kyrkja og øvde julesongar.
Ei hending litt utanom det vanlege vekeprogram denne veka, var juleverkstaden vi hadde på søndag. Marie og Anne Grete har jo barnegruppe på kyrkja om torsdagar. Så dei hadde førebudd mykje av det praktiske, ikkje minst med formingsaktivitetane. Vi leigde eit lokale i nærleiken av der Lars og Marie bur.
Det heile starta kl. 12.00 med smakfull og god mat frå husmor, Khun Jumnong. Etter det hadde Katrine (som jobbar for NMS i Bangkok) andakt der ho gjekk gjennom julefortellinga med borna. Ho kan thai, slik at også dei borna som ikkje forstår så godt norsk skulle få med seg mest mogeleg.
Alt fungerte bra denne dagen unnateke air-con inne. Så vi måtte sette alle bord ut. Det var tak over uteplassen som gav skugge, så vi slapp å renne heilt vekk når vi skulle til med juleverkstad. Bilde viser flott konsentrasjon av borna. Vi hadde besøk av to av familiane som er knytta til NMS sitt arbeid i Bangkok, så det var ei herlag blanding av thai, norsk/thai og norske born. Totalt mellom 25-30 born.

Dagen vart avslutta med kos i det flotte ute-bassenget. Det er jo heilt vanleg med slikt på juleverkstad? Det er i allfall ein kar uti der (snart heilt kvit i håret) som nyt det til fulle
Elles må vi jo få takke Bjørn for godt forslag i den vedvarande "englar-i-sanden-følgjetongen" på comments.
Ha ei god veke!