lørdag, desember 30, 2006

På plass

Julefeiringa er over. Med 120 stk. til bords på julekvelden vart det ei lang og hektisk julafta. Men første oppgåva denne dagen var både sterk og rørande for oss. Med masse pakkar i bilen drog vi til ein barneheim med 52 barn her i byen. Vi vart sjølvsagt godt mottekne og dei song og dansa for oss. Kjekt å sjå dei hadde glimt i auge, og det verka som dei hadde det godt. Men vi fekk merke at behovet for voksenkontakt var stor, spesielt blant nokre av dei yngre. Vi skal bort igjen og vere med på eit arrangement hos dei neste fredag, så då skal det bli lagt ut bilde derfrå.
Resten av dagen gjekk med til førebuing og gjennomføring av "den store dag". På gudstenesta var det fullt, 160 stk. (i kyrkja som vi leiger 1 gong i mnd.) Deretter bar det tilbake til sjømannskyrkja som vi hadde gjort klar for middagsgjester. Det gjekk bra og det var mange hyggelege tilbakemeldingar. Folk var flinke til å gå rundt juletreet, som vi måtte plassere midt i eit gatehjørne (det er ingen gjennomgangstrafikk akkurat der). Må innrømme at når vi drog heim etter oppvask og det heile, var senga svært etterlengta.

Vi sov godt på tross av at vi skulle til Bangkok kl.06.00 for å hente våre kjære på flyplassen. Trur ikkje vi treng beskrive så mykje korleis det var å få møte dei att. No har vi nokre gode dagar der vi skal ha mykje tid saman. På bilde er dei trygt på plass i husværet vårt. Neste veke skal vi avspasere for å feriere saman med dei. Imorgon nyttårsaftan er det gudsteneste og middag på "kjerka", og så ber det til by'n for å sjå på fyrverkeri. Det trur eg thaiane likar for det smell rett som det er om kveldane med ein eller annan som har noko å feire.

Godt Nytt År!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei heile gjengen i Pattaya! Kjekt å lese kor de har det der borte. De er mykje sakna her heime. Er vel kjekt å få besøk heimefrå i jul- og nyttårshelga. Vi bad ungane helse, men sender likevel ei helsing her på nettet også.

Godt nyttår til alle!

Frå Bjørg, Arne, Cecilie og Sveinung.

Monika sa...

Hei hei!
Kjekt å sjå at borna har kome trygt fram. Me var litt bekymra for dei. Hehe.

Her på Fredly går det fint! Kvardagen har byrja att så smått etter endt julefeiring, og me har faktisk hatt 2 dagar med snø denne veka...

Vil berre få ynskja dykk eit godt og velsigna nytt år!

Me gledar oss til å få borna heim til Norge!! =)

Beste helsing Kollektiv Fredly! Monika & Aina Beate