søndag, februar 11, 2007

Morsdag

Gratulerer alle mødre!

For oss starta dagen (etter å ha forlate senga litt seint) med å gå ut på restaurant og ete frukost, noko vi ikkje har gjort før. Det er ein plass ikkje langt unna oss som har det nydelege, nysteikte brødet. Etter at mor hadde fått sin sveitsiske frukost og eg min engelske, drog ho på jobb for å ta imot besøkjande på kyrkja. Vi har gudsteneste i dag kl.17.00 (med veldig god middagsbuffè etterpå). Så eg skal bort om ikkje lenge for å førebu gudsteneste og få på plass stolar og bord.

Måndag hadde vi ein hyggeleg kveld saman med Waree, kona til Magne som i sommar dreiv kaffèen i "Osebua" på Viksdalen. Nokre hugsar det stod litt i Firda om henne med dei nydelege thai-frukt-drinkane. Dei skal tilbake for å opne "Osebua" for sommaren kring 17.mai. Så då må de ta imot dei. Kjekt også å møte søster hennar, Ying og mannen hennar Suwit. Waree og Ying har vokse opp her i området. Vi var såvidt innom Waree på Viksdalen før vi drog til Pattaya, så det var veldig kjekt at at vi fekk til eit møte. Litt artig at vi sunnfjordingar i Pattaya greidde å finne ein restaurant som dei ikkje hadde vore på (men det er jo ufatteleg mange her også då).

Elles må vi jo nemne at vi denne veka har hatt konsert med Gunnar "GP" Pedersen. GP duo består av han og kona Sigfrid Eiksund. Ho har ein bror som driv ein flott restaurant kort veg frå der vi bur. Dei har sunge der 3 dagar i veka no nokre veker. Kjempe flott av dei å gi oss ein slik kveld der folk såg ut for å trivast storleg. Vi måtte også denne kvelden ut på gata med ein god del stolar, så no gler vi oss til å komme på plass i den nye kyrkja med den flotte hagen. Men enno usikkert kor tid vi kan flytte, sidan det må gjerast noko arbeid bl.a. med kjøkkenet. Til slutt ønskte Gunnar også "Sputnik" velkommen på scena. Og konserten vart avslutta med to songar der han og kona også var. Så no kan eg skryte av å ha arrangert konsert der sjølvaste "Sputnik" var med. Gunnar kjenner truleg mange bl.a. frå frå lang fartstid som programleiar i 9-timen og reiseradioen.

Vi merkar det er sesong, og at "utanom-det-vanlege"-hendingar, er fleire enn elles. For alt neste søndag er det duka for konsert med Rune Larsen og Helge Nielsen (i hagen ved den nye kyrkja). Og då er også våre vener frå Bygstad, Asbjørn, Bodil, Ivar og Jenny på plass. Vi gler oss til 2 veker saman med dei!

Ha ei god veke!


1 kommentar:

Anonym sa...

God morsdag til tante Ann!!!
Og som vanleg er det kjempekoseleg å lese bloggen!!!

Og bestemor var veldig glad for nydelege blomar i anledning morsdagen!!!

Her er det også ned mot 20 grader for tida...men det er på andre sida av 0'en!!! Strålande fint vintervér, men må innrømme at 20+ høyrest fristande ut...