søndag, februar 25, 2007

Bygstadnytt (for oss her i Østen)

Denne veka har vore utanom det vanlege med tanke på at vi har besøk. Veldig kjekt å kunne få vere saman såpass mykje. Vi fann fort ut at tal resaurantbesøk alt etter nokre få dagar var meir enn vi nokon gong hadde gjort saman. Frukost lagar vi til på verandaen vår, og startar dagen bokstaveleg talt med eit varmt (30 grader i lufta) måltid rund bordet.

I dag har det vore gudsteneste. Synest nesten eg må ta med bilde av trioen i sving på song- og musikkgudsteneste i det spesielle kapellet på Redemptorist Senter. Må innrømme at det var litt kjekt å få synge sammen igjen. Har til og med fått øvd inn ein ny song saman.

Elles har veka vore prega av mange flotte opplevingar og inntrykk. Måndag-kveld var vi på middags-buffè i tårnet (i løpet av knapt 2 timar har alle som sit der teke ein heil runde). Fekk med oss flott solnedgang, god mat og god utsikt. Må nett vise noko av utsikta frå tårnet. Den høgste blokka (smal og med rødt tak) husar både oss og våre gjester.
Onsdag hadde vi Evert Taube-kveld i hagen i den nye kyrkja vår som vi håpar vere på plass i til slutten av mars. Ein flott allsongkveld leia av Lennart Hamark, prest i Skut (Svensk Kyrka i UTlandet) i Bangkok. Godt over 130 stk. betyr at vi på 2 arrangement i løpet av 4 dagar hadde over 300 stk innom. Kjempebra!

Fredag hadde mest heile dagen i Nong Nooch Tropical Garden. Den må berre opplevast. Kunne skrive mange bloggar på det, ikkje minst med alle bilde som burde vore med. Vi fekk med oss ein god del meir enn sist vi var der med borna våre, og det er endå mykje å sjå og oppleve.
Ha ei god veke!

.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Trioen barfot, når får vi sjå det i Bygstad?

Anonym sa...

Eg syns no vi fekk sjå nok kaktusar som det var, eg!!