søndag, februar 04, 2007

Søndagsfri

I dag lyt vi fortelje at det er blitt litt vinter igjen med ned mot 20 grader når vi skal ha vår gode frukost på verandaen. Hadde nokon sagt til meg før vi drog hit at eg kom til å kle på meg joggedress ved slike temperaturar, hadde eg ikkje teke det særleg alvorleg. Men...... når ein ein har levd i temperaturar på omkring 30 grader i nærare 6 mnd., så vert ein visst forandra. Men vi klagar ikkje. Bortsett frå at det er litt verre å komme seg uti basssenget, så er det eigentleg heilt ok.

I går kveld (laurdag),var vi invitert til middag hos ein som driv forretningsverksemd, i høve 3års-markering sidan oppstart. Hansi og eg representerte "kjerka" i den samanheng. God mat var der, men det som vart det beste denne kvelden, var ei harpespelande kvinne frå Kina som underheldt. Sitjande i eit lysthus som ei prinsesse, presenterte ho himmelsk musikk. Aldri før har eg høyrt nokon spele på harpe slik ho gjorde. Ho var også ein dyktig songar og akkomagnerte seg sjølv på fleire songar. Alt frå klassiske perler til kjende og kjære melodiar frå ulike sjangrar. Ho musiserte så det var ein fryd både å sjå og høyre. Men utan fotoapparat, får eg dessverre ikkje bilde på bloggen. Ein som sat ved same bord, sa spøkefullt at han trudde ikkje han skulle høyre slik musikk før litt lenger framme i livsløpet.

I dag har vi hatt søndagsfri, og bl.a. promenert på beach-en litt. Der trefte vi to andre fornøgde damer som også gikk søndagstur. Agneta (frå Sverige) har stått i på "kjerka" litt som frivillig, og skal reise tilbake til Antwerpen i morgon.

Mens eg skriv dette, så veit eg at revyen i Bygstad om 3 timar skal ha si 2. førestilling. Lukke til alle sammen! Og ha ei god veke!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Nei, no er eg lei. No var det nok kulde, slaps og storm. Eg savne varmen. No er det faktisk så ille at eg til og med savnar måten vi kryssa gata på der nede!! (20 grader skal gå fint for meg!) Ha ei god veke! Klem.

Anonym sa...

enig, vil heller bil påkjørt av ein moped enn å trakke i slaps til knea:)

Revyen er over og det gjekk veldig bra syns eg.. vertfall viss ein tenke over korleis generalprøven utspant seg. var kjekt å vere med. du var nok sakna far!