fredag, oktober 20, 2006

Til Bangkok

Vekene går fort og torsdag med bloggskriving vart plutseleg fredag. Men eit par ord og eit lite glimt herfrå må til. Søndag var det gudsteneste her i kyrkja. Vi lagar til nede i inngangs-hallen, pyntar med eit fint alterparti og syns vi tross alt får eit brukande sakralt rom. Etter gudstenesta hyggja vi oss med Khun Jumnong sin herlege buffè. Ser i Firda at Bygstad sokneråd inviterer på kyrkjemiddag på Tønna den 29.okt. Det høyrest kjekt ut. Start på ein tradisjon?
På tirsdag var eg i Bangkok til den svenske kyrkja. Tok buss og sky-train for første gong åleine og fekk igjen oppleve konsekvensen av at thaiar aldri seier "eg veit ikkje". Dei er høflege og hjelpsomme og du får uannsett eit svar, om det er rett er ein annan ting. Men eg kom fram utan dei store problema og no veit eg vegen. Lennart (sjømannspresten) og eg skulle bl.a planlegge litt fellesarrangement framover.
Sjømannkirken (den norske) kom jo hit til Pattaya for eit år sidan og det er ønskje om fortsatt å ha noko samarbeid. Det kan både dei og vi ha nytte av. ( dei manglar bl.a. nokon til å spele.) Bildet i dag viser kyrkja deira, ein grønn plett med stor hage mitt i Bangkok. Utruleg flott plass.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Hei og hå. Eg og Britt Merete vil gjerne sjå meir til dåke på bildene. F.eks. kor brune de er blitt.

Anonym sa...

Ja, vi har begynt å lure på om de virkeleg er der nede... kanskje de berre sende oss bilder frå thailand også er de eignetleg ein heilt anna plass ;) Neste veke har vi lyst å sjå eit bilde av dåkke i action i Pattaya :)

Anonym sa...

Hei!
Kjekt å få oppdateringar på kva dåke gjer på, vi følger med=)
Ser ut som eg kanskje klare å få en thailandstur inn i mellom jusstudiane og, så det kan bli kjekt! Slenger meg på oppmodinga om å få sjå bilder av dåke i action;)

Anonym sa...

vi-vil-ha-bilder aksjonen fortsetter. eg har ein teori: egentlig har dåke berre flytta til viksdalen. der har de innreda ein låve med kulisser som ser ut som thailand. i tillegg skaffa dåke rare telefonnummer. er eg inne på nåke?

Anonym sa...

Vi vil ha bilder! Eg støttar meg til mine søsken sine og innlegg. Eg e skeptisk... magefølelesen min e skeptisk til at dåke virkelig er i Thailand, eller Pattay som dåke kallar byen dåke e i for. Heilt erlig så har eg aldri høyrt om Pattay. Dåke kunne vert litt meir kreavtive i valg av namn på "byen" dåkast. eg er som Thomas i bibelen trur ikkje før eg får sjå...

Anonym sa...

Eg må beklage feil skrivinga. Va ikkje tilstede i gjenrningsøyeblikket.

Anonym sa...

Er vel i grunnen ikkje noko valg:
Eg kaster meg på oppropet om å sjå litt meir til dåke på bildene...og kor brune dåke har blitt...
Eg for min del er ikkje i tvil om at dåke er i Thailand...fekk postadr. dykkar i går, og den var altfor lang til at det norske postvesen kan levere det "på Viksdalen"... Kjempefin side dette her...vi følger med på dåke, er ikkje fred å få, sjølv om dåke befinne dåke "på andre sida av jordkloden", som Gard Andreas seier...(",)