fredag, oktober 27, 2006

Sterke inntrykk

Igjen vart det fredag før det vart tid for bloggskriving. No skal vi etterkvart få internett også i husværet vårt. Då kan vi også skrive når vi er "heime".
På søndag var vi til Bangkok og hadde norsk gudsteneste kl.11.00 på den svenske "sjømannkyrkja" (SKUT - Svensk Kyrka i utlandet). Vi skulle også møte 3 norske par m/sine born som arbeider i NMS her i Thailand. Sigve Vidnes (underviser på presteskule) var også vikarprest ei tid i sommar her i Pattaya. Før vi drog til dei for å nyte mat og hageliv ved bassengkanten, skulle vi vitje ein barnehage som NMS driv i eit slumstrøk. Enkle forhold, men der låg mykje kjærleik bak og borna hadde det godt. Det var søndag og difor ikkje born der då. Etterpå vart vi "vist rundt" i noko av slummen og fekk med eigne auge sjå korleis det kan vere.
Sjølvsagt smiler dei fleste thaiar, men det ligg nok meir under enn dei gir uttrykk for. Dei såg etter forholda velkledde ut, og svalt ikkje. Litt vanskeleg å velje ut bilde som gir godt inntrykk av forholda. Det var med eit visst bakteppe av inntrykk vi sette oss til bords i hageselskap ved bassengkanten.
Denne veka har vi hatt sjukepleiarstudentar i praksis her ved sjømannskyrkja.
Og på tirsdag drog Anne Grete og Marie sammen med dei to på besøk til eit par barneheimar som vert drive her i Pattaya. Blant thaiborn er det som blant andre born, sjarmtroll som lett sjarmerer oss voksne i senk. Sjømannskyrkja er ikkje innvolvert i drift av desse barneheimane. Men Anne Grete og Marie har barnegruppe her på kyrkja kvar torsdag. Der er det for det meste barn med norsk far og mor frå Thailand.
No ser vi at det har avstadkomme ein viss aksjon på "comments" for manglande "action-bilder".
For å rette opp litt tar vi også med eit bilde av det eg har gjort mange laurdagar - besøk på sjukehus der vi har med oss laurdagsgraut til nordmenn som ligg der. Ei svært hyggeleg oppgåve. På bilde er også ein av sjukepleiarstudentane med.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ser man det :) aksjonen gav uttelling. Veldig kjekt å sjå dåkke på bildene! Las reisebrev frå dåkke i kyrkjebladet i dag og, der var det og eit fint bilde frå ein båt. Koselig!

Anonym sa...

Sjå her ja, no skjer det ting. Veldig rart å sjå dåke i aksjon der nede. Eg må innrømme at er stolt når folk spørr ka foreldra min gjer på. Då legg eg ut at dei reiste frå hus og heim for å reise til Thailand og gjere vedledig arbeid. BRA! Dåke har virkeleg imponert lisje Sonen. Skal helse frå Tore Aase. Traff han utanfor misjonssalen på lørdag..

Anonym sa...

bra aksjons bilder. til fredag vil eg gjerne sjå at dåke lagar englar i sanden på ei strand:).

gleda meg meir og meir til dei tre vekene vi skal ha der nede. blir særs bra!

Anonym sa...

Lett å forstå at det er mange forskjellige inntrykk,men ingen tvil om at tanta blei sjarmert her...er ikkje mulig å motstå skjønne små, og tillitsfulle barneaugo!