Fredagen kjem visst snarare for kvar veke. Og endeleg, etter stort og langvarig påtrykk under "comments", kan vi presentere "englar i sanden".

Elles har vi fått med oss bryllaup sidan sist. Når ein nordmann gifter seg med thaidame, kan ikkje Lars (presten vår) vie slik som elles. Thailov tillet berre at slike bryllaup vert inngått (juridisk) av thaistyresmakter. Men vi hadde "norsk bryllaup" i form av velsigning av inngått ekteskap. Vi hadde full pakke med Mendelson som inngang. Vi har jo også hatt slike "bryllaup" heime i Gaular. Vi (både Lars og Marie og Anne Grete og eg) vart innvitert til heile selskapet med mykje god mat.

Annakvar onsdag har vi "Åpen kveld" på "kjerka". No på onsdag hadde vi besøk frå Bangkok av Lennart Hamark (prest i Skut). Det ser ut til at desse kveldane vert meir populære etter kvart. Det kjem også nokre som vi ikkje har sett før, og er jo veldig hyggeleg. Desse kveldane er tenkt som ei rein sosial samling, der folk opplever å få senke skuldrane og hyggje seg saman med song, ei god historie, bordkonkurranse, ei lita utlodding og sjølvsagt kaffi og kaker og ein god prat. Prøver også å invitere nokon kvar gong som på ein eller anna måte bidrar med noko i form av ord eller song. Det er ikkje alle som bur her, som likar å gå noko særleg på bar. Det vart difor ganske tidleg etterspurt noko på kveldstid som dei kunne gå ut på. Men alle er sjølvsagt like velkomne enten dei likar seg på bar eller ikkje.
Må "legge på" no. Skal på ein runde å henge opp plakatar om gudsteneste (på søndag) på nokre barar i området i kveld. Det er jo litt speseielt her at det er der vi heng opp mest plakatar. Vi er alltid velkomne til å gjere det. Men dette er jo Pattaya.
Ha ei god veke!