fredag, november 03, 2006

Kvardagsprat

Må prøve få opp ein blogg før eg dreg til Bangkok (igjen). Skal spele i eit bryllaup der den svenske presten skal vie (velsigne)eit brudepar.
Bra å sjå på kommentarane at vi gjer framsteg på bloggen. Vert dessverre ingen englar i sanden denne gongen,men kanskje...Idag legg vi ut eit bilde av det som skjer her kvar dag (unnateke måndagar), nemleg at vi er med og tek imot folk som kjem på besøk til kyrkja.
Sesongen tek til no frå nov.-febr. med ein topp i des.-jan. Difor merkar vi no at det etter kvart vert fleire turistar. Det er liksom 3 "typar" nordmenn her: Dei fastbuande, dei som bur her i vinterhalvåret og dei som kjem for kortare ferie i nokre veker. Ein del av dei fastbuande vert som "stamgjester" som vi etter kvart lærer ganske godt å kjenne, men stadig nye fjes kjem innom, mens andre dreg anten heim eller til andre stader i Thailand eller områder omkring. På ein vanleg dag hittil har det vore ca. 15-30 stk. innom pr.dag. På sist laurdag var det 44 stk. innom som bl.a. ville ha graut. Så det var veldig bra. No framover vil det nok auke på, spesielt med turistar.
Ha ei god veke!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Sjå her ja. Endå meir action bilde. Bra! Eg ob Britt låg å snakka om Thailand turen i går kveld, og eg må innrømme at eg ikkje er mentalt klar for det. Har ikkje gått opp for meg endå. Men eg gledar meg!

Men for at eg forstå at dåke er i Thailand og at vi skal ned dit så treng eg eit "englar i sanden" bilde...

Anonym sa...

JA TIL ENGLER I SANDEN :) I dag er det 7 veker til vi sette oss på flyet østover, og på ein dag som dette med opne sluser og regn i bøttevis er det veldig kjekt å ha noko slikt å sjå fram til! (Pappa, eg har til og med vore ute og laga veg til vatnet så det renne dit vi vil ha det ;) Det ser jo riktig så koselig ut på verandaen med dåkke!

Anonym sa...

Eg må berre få sei ein ting: Har liksom lurt litt på om den der konstante utskiftinga av telefon nummer kan vere at de prøver å unngå at vi skal kunne spore opp kor de virkelig befinne dåke???? Eg berre undrar....

Anonym sa...

Det som skal stå der: ho dottra som ikkje e eldst men som e eldre enn gutane!!!!