fredag, november 10, 2006

Loy Krathong

Ny veke er alt til ende. Med tanke på at borna våre kjem ut hit 25.des., er det no slik sett veldig positivt. Gler oss veldig! Men vi opplever også mykje som gler oss mens vi ventar på det store GJENSYN. Midt opp i møte med menneske som ikkje har komme heldig ut på ymse vis, har vi også mange gode opplevingar som er med og gjer kvardagen rikare.
Sist helg var vi meir på by'n enn på lenge. Laurdagskvelden var vi på restaurang/bar med live-musikk saman med Hansi, Djan Sila og son deira Chris (på 5 år). Vi kom ca. 22.30 og var der til nærmare 01. Ein god del av musikken var "Elvis live". Men også mykje anna veldig bra. Eine kor-dama song også nokre songar solo, mest Witny Housten (sikkert feilstava). Det var om mogeleg betre enn originalen. Heilt utruleg. Dyktige musikarar gjorde til at dette vart ei oppleving. Til slutt kom trompetisten fram og song Louis Armstrong så det mest var uråd å høyre forskjell frå originalen på "What a beautifull morning". Thaiar likar høg musikk, og vi sette oss litt for langt framme med tanke på det. Men kjekt var det likevel.
Vi hadde masse bilde frå konserten, men dessverre var det ei innstilling på kameraet som gjorde at alle bilda vart for uklåre. Difor legg vi denne gongen med eit bilde frå fullmånefeiringa Loy Krathong (1.fullmåne i nov.) på søndagskvelden. Når det gjeld rakettar o.l. så vart nyttår heime i Norge nesten litt beskjedent. Denne feiringa/festivalen er til ære for vannveiene og elvenes gudinne. På bilde (litt uklårt)sit Anne Grete, Djan Sila og Chris med kvar sin blomsteroppsats med lys og røykelse i som skal settast ut på vatnet (sjøen).
Eit spesielt syn når det etter kvart vart mange av dei. Buddistar set desse blomstrene ut på vatnet med bøn om at syndene deira skal fare bort og ut på sjøen (eller elva/vatnet). Litt seinare på kvelden drog Anne Grete og eg tilbake til Jomtien Beach Road (nær der vi bur). Der var det eit folkehav og eit folkeliv som eg ikkje er i stand til å beskrive slik at du som les dette, kan forstå korleis det var.
Måndag roa vi heilt ned og bl.a. kosa oss på bassengkanten (så lenge vi kunne tole sola der). Vi treng slike dagar innimellom for å lade opp til veka. For vi vedgår lett at etter enkelte dagar kan vi vere nokså trøytte. Møte med mange, ofte nye menneske og også menneske med spesielle sosiale behov, krev energi på ein annan måte enn kroppsarbeid. Noko av det som då er heilt topp her ute, er få stå opp til ein ny dag med ein symjetur i bassenget, for så å ta heisen opp att i husværet og lage frukost (m/egg) og nyte den på verandaen/balkongen og ta oss GOD TID. Det gjer oss klar for ein ny dag både fysisk og åndeleg.
Ha ei god veke!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulere med farsdagen far! Du skal få ein klapp på skuldra når vi kjem ned:)

Ellers savnar eg englar i sanden.

Anonym sa...

Eg må stille meg i gratulasjonsrekka. Eg vil nok driste meg til å sei at du skal få ein skikkeleg manneklem når eg kjem ned.

Ja til englar i sanden! Dåke er jo på stranda heile tida, kan vel ikje vere så vanskeleg.

Anonym sa...

Ser det er aksjon "englar i sanden" og må vel berre henge meg på den...
Men synest dåke bør starte "aksjon engler i snøen" snart...litt gjenytelse må dåke få om dåke skal lage englar i sanden...og årstida byr på litt av det kalde, våte, kvite her etterkvart...før det atter ein gang regnar vekk att...

Anonym sa...

gleder meg til symjetur og egg!!!

Anonym sa...

Kjekt med litt aktivitet her :) Vi kan jo gjere ein deal, hvis vi sende "englar i snøen" bilde til dåkke så legge de ut eit "englar i sanden" bilde... DEAL or NO DEAL?

I dag har eg fått ordna med fri frå jobben i jula, så no er kysten klar!