fredag, november 24, 2006

Englar i sanden!

Hallo igjen!

Fredagen kjem visst snarare for kvar veke. Og endeleg, etter stort og langvarig påtrykk under "comments", kan vi presentere "englar i sanden". Kjempeflott og søtt. Dei beste vi kunne finne.

Elles har vi fått med oss bryllaup sidan sist. Når ein nordmann gifter seg med thaidame, kan ikkje Lars (presten vår) vie slik som elles. Thailov tillet berre at slike bryllaup vert inngått (juridisk) av thaistyresmakter. Men vi hadde "norsk bryllaup" i form av velsigning av inngått ekteskap. Vi hadde full pakke med Mendelson som inngang. Vi har jo også hatt slike "bryllaup" heime i Gaular. Vi (både Lars og Marie og Anne Grete og eg) vart innvitert til heile selskapet med mykje god mat. Litt spesielt å sitje ved bord plassert ute rundt eit basseng der det flaut masse flotte blomsteroppsatsar i. Stilig. På bord-korta vart eg tittelert som Mr. Kantor og Anne Grete som Mrs. Kantor. Så det lever eg lenge på. Seinare skal brudeparet til brura sine heimtrakter i Nord-Thailand og feire meir på thaivis.

Annakvar onsdag har vi "Åpen kveld" på "kjerka". No på onsdag hadde vi besøk frå Bangkok av Lennart Hamark (prest i Skut). Det ser ut til at desse kveldane vert meir populære etter kvart. Det kjem også nokre som vi ikkje har sett før, og er jo veldig hyggeleg. Desse kveldane er tenkt som ei rein sosial samling, der folk opplever å få senke skuldrane og hyggje seg saman med song, ei god historie, bordkonkurranse, ei lita utlodding og sjølvsagt kaffi og kaker og ein god prat. Prøver også å invitere nokon kvar gong som på ein eller anna måte bidrar med noko i form av ord eller song. Det er ikkje alle som bur her, som likar å gå noko særleg på bar. Det vart difor ganske tidleg etterspurt noko på kveldstid som dei kunne gå ut på. Men alle er sjølvsagt like velkomne enten dei likar seg på bar eller ikkje.

Må "legge på" no. Skal på ein runde å henge opp plakatar om gudsteneste (på søndag) på nokre barar i området i kveld. Det er jo litt speseielt her at det er der vi heng opp mest plakatar. Vi er alltid velkomne til å gjere det. Men dette er jo Pattaya.

Ha ei god veke!

6 kommentarer:

Anonym sa...

må sei eg er litt skuffa, men samtidig må eg berømme dåke for kreativitet innen englar i sanden temaet. hadde ikkje venta ei slik løysing:)

viss dåke tenkte at det blir fred og ro no, so må dåke tenke om igjen. er sikker på at Onkel Bjørn har ein god ide til ny bildeaktivitet. eller ka seie du onkel?

Anonym sa...

Eg er imponert over dykkar kreative bidrag. Trudde sola og varmen skulle redusere den krative aktiviteten, men den gong ei. Flott, men eg føle meg, som min bror, litt snytt. Men all ære for kreativt bidrag!

Anonym sa...

flott bidrag, men det var vel ikkje akkurat dette vi hadde foreventa oss. Kanskje vi kan få eit englar i sanden bilde av dei fire barna dykkar, når dei kjem nedover i jula???

Anonym sa...

likar ikkje heilt utviklinga i "englar i sanden" saka.

Anonym sa...

Må berre sei at eg er imponert over kreativiteten!!!!!!!!!

Og eg heng meg på onkel sitt nye påfunn...men utvidar det til: Kva med "engler i sanden"-bilder av alle seks, når de samlast i romjula?!?!? (Kjekt med litt familie-aktivitetar)
Utfordringa er herved oversendt!!! Ventar i spenning!!!

Anonym sa...

Vi kan vel ikkje anna enn å ta utfordringa! Men det er jo mulig vi sende den vidare når det nærme seg påske ;)