fredag, november 17, 2006

Endeleg lovleg visa

Storhendinga (om vi skal sei det så) denne veka for oss var å få på plass visa så vi kan vere her i Thailand så lenge som planlagt. Etter 1.okt vart visareglane innskjerpa etter ei lov som vart vedteken for 2-3 år sidan. Men først no vart den sett ut i livet. Visareglane er ikkje heilt enkle å forstå, men no har ambasaden hjelpt oss så vi har fått visa som varer til 15.aug.2007. Kvar 3. månad må vi på immigration-kontoret her i Pattaya for å stemple så dei kan kontrollere adresse o.l. er som før. Så no er det slik sett berre velstand, noko vi forhåpentlegvis gir litt uttrykk for på bilde.
Vi var til Bangkok på onsdag, først på ambasaden, der ein tilsett vart med oss på imigration og hjelpte oss. Det var vi i alle fall glade for.
Andre storhendingar denne veka må vere møte med slangen. Etter 3 mnd. med prat om alle slangar her i Thailand, ikkje minst alle dei 17 giftige sortane, så møtte Anne Grete endeleg ein. Til og med midt på eit fortau i ei sterkt trafikkert gate. Ho oppførte seg utruleg bra til eit første møte å vere. Den var no ikkje så stor, men ein skal vel ikkje spøke med slikt heller.
På torsdag hadde vi lunch og samling for dei som vi brukar som frivillege i arbeidet her ute. For at kyrkja skal kunne vere open alle dagar unnateke måndagar, så treng vi av og til hjelp frå personar som har lyst og sjanse for å stille opp av og til. Når det no vert sesong etter kvart vert behovet også større både for sjukebesøk og heimebesøk. Samtidig så kan dei gi oss informasjon frå "felten" om det er nokon som treng hjelp frå oss. Denne helga skal vi roe ned litt. Syns vi fortener det. Men på søndag skal vi i eit bryllaup (velsigning av inngått ekteskap) der eg skal spele, så heilt fri vert det likevel ikkje. Både Lars, Marie, Anne Grete og eg skal nyte ein betre middag.
No ser vi at det endå er sterke oppfordringar om englar i sanden på "comments". Ro ned. Det er under planlegging.
Ha fortsatt ei god veke!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg kjenne på ein VOLDSOM glede og spenning etter å sjå englane i sanden. Eg skulle gjerne laga englar i snøen, men den forsvant dagen etter at den kom. Må innrømme at bildet av dåke fekk savnet etter å sjå dykk att til å blomstre litt ekstra. Eg gledar meg veldig til 25. des.

Anonym sa...

Det var bra de fekk VISA på plass, det hadde vore litt kjedeleg hvis de kom heim før vi hadde fått besøkt dåkke ;) Det var kjekt å sjå bildet, eg og Kurt måtte forstørre det så masse vi kunne for å sjå nøye på dåkke, de ser godt ut, sunne og friske!

Og har me ikkje vore spente på "englar i sanden" før er vi det i alle fall no :)

Fem veker og ein dag til vi sette oss på flyet!