lørdag, januar 06, 2007

Fridagar

Det manglar ikkje på stoff å legge ut på bloggen denne veka. Nesten vanskeleg å velje ut. Nyttårsfeiringa var veldig anleis enn heime, og då tenkjer eg ikkje på temperatur. Etter gudsteneste og kjempegod middagsbuffè på sjømannskyrkja, drog heile gjengen "på by'n" for å vere midt i folkehavet og ta pulsen på Pattaya ved overgangen til eit nytt år. Det vart det desidert største fyrverkeri-show eg har opplevd på nært hald. Men komme seg heimatt om natta vart likevel meir kaotisk og utfordrande. Men det gjekk bra.

2.nyttårsdag hadde vi Manee (kona hans var også med første dagen) som guide og sjåfør til Bangkok. Han var med oss i 2 dagar. Tredje dagen var vi "overlatt" til oss sjølve for å utforske diverse shoppingsenter. Hotellet vi budde på var midt i det området som bombene gjekk av. Men folk vi spurde om råd frå, sa at det ikkje var risikofylt å dra, då desse "nyttårsbombene" ikkje hadde noko med konflikta i Sør-Thailand å gjere. Resultatet var at omkring hotellet som vi budde (med mange store shoppingsenter) var det mykje mindre folk og bilar enn normalt. Berre meir politi og militært nærvær. Så vi følte oss heilt trygge.

Vi fekk med oss mange av dei stadene som turistar oppsøkjer som Grand Palace, Floating Market, restaurant-cruise på Chao Phraya River(bilde til venstre), natt-marked, "Back-packer Street", og som sagt mange STORE shoppingsenter. Mest spesielt var for nokre av oss vart Floating Market på onsdag. Vi drog tidleg om morgonen frå hotellet for det var 9 mil å køyre. Hadde aldri trudd at området (kanalbyen) var så stort. Kanalane fungerte som gater og det var tidvis like mykje kork som på land i Bangkok sentrum. Veldig spesielt!

Elles er det å meddele at det har vore godt å ha fri nokre dagar, ikkje minst at vi kan vere sammen med borna om opplevingane. Neste veke er det på jobb igjen og dei lyt få gå litt på "sjølvstyr".


Ha ei god veke!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Kvar er englar i sanden bilda? eg berre spørr... No er det på tide. Litt av ein sløv gjeng :)

Anonym sa...

Heilt einig, no må berre desse bilda komme på nettet.... men sei meg ein ting; er lisjesonen komen til Norge att???

Anonym sa...

trist melding:

i heile tre veker har vi jobba hardt og grundig med englar-i-sanden prosjektet. men det viser seg at det ytterst sjeldne fenomenet "sand-borte-vekk" (latin: Sandibidus Bortus Vekkum) har inntruffe her i Pattaya akkurat desse vekene vi har oppholdt oss her. den gode nyheten derimot er at sanden er tilbake rundt påske tider. so vi vil berre ønske familien Mundal lykke til!

Anonym sa...

Etter litt research har eg komme fram til at meldinga dykkar ikkje kan vere til å stole på. Den latinske oversettinga avslørte dykk. "sand-borte-vekk" er "harena absum abesse afui" på latin. Så eg forventar fortsatt englar-i-sanden bilete:)