søndag, januar 21, 2007

Medarbeidartreff

Veka som er gått må seiast å vere ei "anleis-veke" i "anleis-året" for oss. Måndag drog vi alle (norske) tilsette til Purimas Hotell i Ban Chang nær Rayong (40 min. kjøring sørover). Bildet er teke frå verandaen på rommet vi var på. Der skulle vi vere på medarbeidarsamling for alle som jobbar i sjømannskyrkja i Østen, dvs Pattaya, Singapore, Dubai, Sydney + ambulerande sjømannsprestar i Asia Øst og Asia Sør. Fem frå hovudkontoret i Bergen, inkl. generalsekretæren, var også saman med oss. Skut (svensk kirke i utlandet) hadde også samling parallelt og delvis saman med oss.

To nordsjøprestar, Steinar Rishaug og Tormod Woxen, hadde eit 2-dagars-kurs om nærværskompetanse og samliv, gjevande og lærerikt. Det vart på mange måtar gode dagar for "opplading". Fekk møte andre og såleis dele både gleder og utfordringar vi møter i kvardagen. Såg fort at dei ulike stasjonane arbeider under til dels ulike vilkår, men at vi likevel hadde mykje felles.

Fredag drog vi tilbake til Pattaya. Med oss var alle som kom frå hovudkontoret i Bergen og vi hadde stabsmøte der vi saman med dei fekk fokusere på dei spesifikke utfordringar vi som sjømannskyrkje møter her i Pattaya. Vi ligg nok på topp i organisasjonen i forbruk av timar på sosialsaker. Dei fekk også sjå dei nye lokalitetane vi skal få flytte inn i, ikkje langt unna der vi no held til. Huset er større og det har stor flott hage med eit stort tre som gjev skugge. Det einaste som må gjerast først, er ei ombygging av kjøkkenet slik at det vert ein rasjonell og god arbeidsplass, spesielt med tanke på dei aller største samlingane. På fredag-kveld fekk vi hyggje oss saman med gjestene våre frå hovudkontoret med eit godt måltid mat.

Laurdag var det på plass att i kvardagen. Litt godt også. Grautdagen er veldig populær. Over 80 stk, var innom. Sjølv fekk eg vere noko av dagen med graut på sjukehus og på eit heimebesøk. Å komme på heimebesøk og få høyre at dette besøket med graut er høgdepunktet i veka, gir god "betaling" i jobben.

Skjønar at no er det begynt å likne meir på normal vinter heime. Vinteren her vart veldig kort. Vel ei veke med temperaturar ned mot 19 grader (om natta) og eit litt kaldare basseng er jo i den samanheng lite å skryte av. Her eg sit og skriv no (søndag føremiddag) er det ca.30 grader i skuggen. Det vert spennande å sjå korleis det vert å vere her når det er på det varmaste i april-juni.
Ha ei god veke!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt å lese innpå her igjen! Eg savnar Thailand, varmen og ferien! Var litt for stor kontrast å komme tilbake til Odontologen...
Også til Hanne Katrine: Den latinen vi refererte til med tanke på sand-borte-vekk fenomenet, var nok ein litt nyare type latin. Dette fenomenet er nemlig veldig nylig oppdaga. :)

Anonym sa...

Hmm, stiller meg litt tvilande til akkuratt det:)Men viss det er nylig oppdaga er det vel stor fare for at det vil førekomme fleire gonger utover våren, feks i påska..?:)