søndag, januar 28, 2007

Kvardag igjen.

Dei vanlege kvardagar med arbeid på "kjerka", har igjen prega veka. Måndag var det som vanleg stengt. Ut på dagen fekk vi beskjed om at husmor var lagt inn på sjukehus i Bangkok med hjarteproblem. Ein kontroll hos lege enda med at ho vart lagt inn på intensivavdelinga. Vart liggjande der til fredag, men er no ute att.
Men det har betydd at andre har måtta teke eit ekstra tak for at vaflar kaffi skal vere på plass. På laurdag var det igjen over 80 stk. for å få seg graut. Anne Grete og eit par andre måtte ta seg av koking og kjøkkenarbeid. Vi håpar jo sjølvsagt at husmor kjem seg skikkeleg til hektene att. Men 66 år gammal bør nok husmor etter kvart også ta omsyn til helsetilstand.

Gudstenesta denne sundagen, var på Redmtorist Senter der vi leiger kyrkje til gudsteneste ein gong i månaden (har skrive om kyrkja der i blogg i haust). I dag var det nesten 60 stk. på ei vanleg gudsteneste, veldig kjekt. Det har sjølvsagt også med at vi er i høgsesong enno. Det vart ei flott gudsteneste med god song og musikk. Utanom gruppa på bildet som også drog forsamlinga med seg, hadde eg med meg ein trompetist som er komt hit igjen frå Norge. Litt rart å tenkje på at neste gong vi har gudstenste i denne kyrkja, så er Bygstad Trio på plass for å syngje. Det gler vi oss til.

Må de alle ha ei god veke!

1 kommentar:

Monika sa...

Hei!
Kan informera om at de var nevnt i kyrkjebøna i dag, og at klokkaren orienterte om at han skulle reisa på besøk til dykk om eit par veker, under kunngjeringane.

Helsing frå eit snødekt Hjelmeland :)