søndag, mars 04, 2007

Avskjed

Det vert visst mykje skriving om gjester i bloggane når slikt er aktuelt. Men det er jo veldig kjekt å få helse på kjende og kjære og vere saman nokre dagar. Denne gongen får det bli bilde med noko anna enn matinntak og synging. Riktignok hadde Barfot-trioen (som vi no visst av enkelte er omdøypt til) ein minikonsert på "kjerka" på onsdag, elles har det begrensa seg med song til bordvers ved frukostbordet.

Måndag er vår faste fridag og vi fekk utnytta dagen godt. Først med eit besøk i palasset i Pattaya til "kylling kongen" i Thailand. Det gav oss endå meir innblikk i kor store kontrastar det er her i Thailand. Frå det utruleg vakre til det som mest er å samanlikne med slum og boss. Frå rikdom til fattigdom.

Dette anlegget består av fleire bygningar, bl.a. ein ball/konsert-sal som åleine kan ha 2400 stk. sitjande til bords samtidig. Ein mjukt knytta teppe dekka heile golvet i den kjempestore salen og må vere noko av det største i sitt slag. Vi fann berre ein skøyt på langs. Eit lyd/lysanlegg som berre er til å drøyme om, og 6 storskjermar som kunne gje publikum meir nærbilde av dei på scena. Men parken utanfor og rundt var også eit syn for seg.

Torsdag og fredag fekk vi bruke nokre oppsparte fridagar. Då bar det til Bangkok med buss. Asbjørn og Bodil hadde jo vore i byen før då dei besøkte Helge Kjetil for nokre år sidan. Første kvelden ville vi bruke på elve-cruise slik vi prøvde med borna våre like over nyttår. Det vart ein uforgløymeleg tur på mange måtar. 2 drosjar var bestilt til eit bestemt tidspunkt. Men det kom ikkje sånn utan vidare. Etter diskusjon med ein sjåfør om kor umogeleg det var å komme dit vi skulle p.g.a. trafikk-kork tilbaud han seg å kjøre til ein annan elvebåt. Men vi hadde bestilt bord ombord og var heilt bestemt på at vi skulle dit. Det kom til å ta ein og ein halv time, fekk vi beskjed om. Så det ville vi ikkje nå.

I slike stunder er det godt å ha ein thai-ven som attpå til har vore taxi-sjåfør i Bangkok. Eg ringte Manee og fortalde om problema og han fekk sjåføren til å køyre oss dit vi skulle. Noko av systemet her er at taxi-sjåførar har avtale med ulike føretak som gir dei økonomisk uttelling. Det kostar dei difor lite å lyge om trafikk-kaos og anna for å få oss godtruande utlendingar dit dei vil ha "sine kundar". Enden på visa var at vi kjørte 7 stk. i ei drosje og nådde båtcruise etter 45 min. Ivar og eg sat med kvar vår respektive frue på fanget og vart nok til gratis underhaldning for vaktene utanfor hotellet.

Fredag morgon bar det til Floating Marked. Då også opplevde vi noko av det same. Sjåføren kjørte oss ikkje dit vi skulle, sjølv om Manee hadde gitt beskjed kva pir vi skulle gå ut frå. Sjåføren hadde også her sine avtalar som skulle gje han økonomisk fordel. Vi visste at turen med elvebåten som vi skulle ta, kosta 400 bath. Der han kjørte oss fekk vi presentert ein pris på 2000 bath. Vi fekk turen for 500 bath takka vere litt "oppbacking" av Manee. Då han med båtutleige skjønte at vi kom til å dra til den andre plassen, gav han etter.

Sjølv etter gode og minnerike dagar, kjem tida for avskjed. Det skjedde midt i ei travel marknadsgate. Når denne bloggen vert skriven, er dei truleg nettopp stige ut av flyet på norsk jord.
Laurdag venta oppgåvene på kyrkja att, og i dag har Anne Grete og eg hatt åleineansvar for gjester og vaflar.

Ha ei god veke!

1 kommentar:

Monika sa...

Takk for sist husvertar!

Ville berre nemna at eg, etter å ha gitt CD'en dykkar til foreldra mine i gåve, har fått høyra at dei no er så begeistra, at dei har lånt den vekk til organisten på Lofthus, for å vurdera om det er mogeleg å setja opp påskespel i Ullensvang kyrkje! :)

Er ikkje sikker på om det er realistisk, men hadde vore veldig artig!