Etter å ha hatt dagar med besøk vart det denne veka fullt kjør igjen. Så då kvelden med Ragnar var vel i hamn fekk vi besøk av Tore Nerland og hans team på torsdagkvelden. Vi starta med middagsbuffè og fekk undervegs høyre frå ulike sykkelturar i hans opplegg med "Bice fore Peace". Det mest spesielle denne kvelden var likevel møte med Harald som både er stum, døv og blind. Å sjå korleis han kommuniserte var spesielt. Han hadde med seg 2 tolkarar som bytte på arbeidet. Og han fortalde bl.a. om korleis det var å møte sin navnebror, kong Harald, på slottet for å motta kongens fortjeneste-medalje i sølv. Han har vore med på mange av Tore sine turar. New York-maraton hadde han visst sprunge 14 gonger. Imponerande!
Fredag kveld var det tid for å gå på barbesøk igjen. Og denne kvelden vart både intensiv og krevjande. Det skal innrømmast at eg av og til syns det kan verte noko einsformig å høyre på kor dårleg jobb både vi i sjømannskyrkja og ambasade gjer, og ikkje minst kor dårleg den norske stat er og kor fullstendig tomskalla alle leiande politikarar i Norge er.
Må til slutt vise at vi prøver å lære oss litt nye ting til vi kjem heim (berre flaks at kjøtbollen ikkje datt ned).
Ha ei god veke!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar