søndag, mars 25, 2007

Besøk frå Signapore

Denne helga har vi hatt besøk av Koriallverden, sjømannskyrkja sitt kor i Singapore. På laurdag hadde vi kor-kaffè med korsong, allsong, vaflar og kaffi. Ei hyggeleg stund med mykje song og musikk. I staben i Singapore har Inger og Trygve som dirigent og musikar i Koriallverden, fått til eit flott tilbod ved sjømannskyrkja for dei som likar å syngje. I dag har dei delteke på gudstenesta før dei måtte dra tilbake. Bildet er frå kor-kaffèen. I dag har vi for første gong hatt gudsteneste i den nye sjømannkyrkja her. Og vi hadde sjølvsagt mykje song frå Koriallverden.
Vi skal flytte hit kommande torsdag og fredag, så veka som kjem vert mykje utanom det vanlege.

Elles må eg ha med eit bilde denne gongen av den harpespelande, Wang Tongjuan, som eg skreiv om i ein tidlegare blogg. Denne gongen spelte ho i ein 60-års-dag vi var invitert i. Noko av det spesielle ved henne er at ho også syng ein del attåt sitt eige harpespel. Har aldri høyrt nokon spele slik på ei harpe som henne. Må berre høyrast!

Elles ser vi på datoen at vi på neste blogg kan få legge ut bilde av våre nye gjester her nede. Gler oss veldig!

Ha ei god veke!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Lykke til, familien Mundal! I følge ekspertane er sanden tilbake i Pattaya, og vi gledar oss til å sjå englar!!

Anonym sa...

Ja no er vi snart reiseklare. Brunost og kvitost er kjøpt inn til dei fastbuande.
Forresten, kva farge skal det vere på desse englane??

Anonym sa...

Eg ser for meg kamuflerte englar i sandens eigne fargar, men med eit tydelig omrisse av konturane og fasongen. Dette blir bra!

Koriallverda var ustyrtelig morsomt! E da ingen andre som synst det var tidig!?!

Anonym sa...

Hei Kjell Ivar og Anne Grethe !

Takk for sist ! Det var veldig kjekt å besøke kjerka i Pattaya! Dere skulle bare ha kommet en tur ned til oss i Singapore !! I morgen skal Koriallverden ha konsert, og det gleder vi oss veldig til !

Klem fra Inger og Trygve..