søndag, juni 17, 2007

Spesielt bryllaup

Denne veka starta med at Lars skulle vie eit par ved stranda her på Jomtien. Og dei skulle komme ridande på ein elefant. Gjestene visste lite om "stuntet", og vart overraska. Men elefanten, på tross av sine 40 år, var redd for å komme for nær sjøen og bølgjene som slo mot stranda. Men det gjekk bra til slutt med happy ending og det heile.

Desse vekerapportane vert (noko truleg alle som les bloggen, har oppdaga for lenge sidan) jo veldig mykje det vi opplever utanom arbeidstid. Og slik må det bli, då mykje av det i jobbsamanheng ikkje har noko på ein blogg å gjere. No når tida nærmar seg at vi skal heim att, er det jo klart at vi ser også litt tilbake på det som har skjedd dette året, på alle dei ulike menneske vi har fått møte og snakke med. Har vi lært noko? Trur faktisk vi har lært ganske mykje, både i møte med thaiar og nordmenn. Trur også vi maktar å sjå meir nyansert på livet vi møter i Pattaya etter å ha budd her eit år. Vi legg noko att av oss sjølve her, og vi tek med oss noko av Pattaya heim. Må jo bl.a. bli forelska i alle dei flotte solnedgangane. På fredag kveld på veg heim etter vår faste handletur, møtte dette synet oss (bildet over) ved Pattaya beach.

Elles har dette vore ei roleg veke med arrangement. I og med at det ikkje var gudsteneste i dag vart staben invitert med til ei roleg flott strand litt sør før Pattaya. Den ligg på militært område og der var reint vatn og flott sand. Fredeleg og med lite folk. Det var lågvatn mesteparten av tida så vi kunne sparke fotball og spasere på eit stort område. Sola viste seg ikkje mykje, men det er faktisk betre enn at den står nesten i senit og gjer det nesten uråd å vere der særleg lenge. Eg undrar meg stadig over kor varmt det er i sjøen. Anne Grete og mange med ho nytta høve til ein god time med fotmasasje.

Akkurat når eg skriv dette, så feirer svigermor sin 80-årsdag saman med familie, vener og naboar. Skulle gjerne ha vore der, men får ta det att.

Ha ei god veke!

1 kommentar:

Anonym sa...

FANTASTISK sol nedgang! Skulle gjerne vert der å fått med meg den "live"!