søndag, juni 10, 2007

Til River Kwai

Nokre av dykk som les på bloggen vår, får vel snart inntrykk av at vi stort sett er ut og får oss mat ein stad eller er på reise. Vekta seier truleg at det første ikkje er langt unna sanninga (har ikkje vore på vekt på aldri den tid) og litt turar har det blitt.

Søndag morgon (3.juni) drog vi til Bangkok med buss. Hadde fri med helga og skulle ha 3 dagar der.

Måndagen ville vi ha oss ein tur til River Kwai, noko mange hadde anbefalt oss. Og vi vart ikkje skuffa. Minibussen henta oss kl.6.30 om morgonen. Ca. 10 mil å køyre nordvestover. Dei som har lese litt krigshistorie, har nok høyrt om japanarane sine forsøk på å byggje jernbane ved hjelp av krigsfangar ("dødens jernbane") gjennom Thailand inn i Burma og vidare mot India. Bruene, ei i tre og ei i stål, vart jo bomba av dei allierte, men etter manges meining veldig seint. Det er jo også laga film om desse hendingane.

Vi gjekk sjølvsagt over stålbrua som vart oppattbygd etter krigen og drog med tog nokre stasjonar bl.a. gjennom ein passasje ved elva der det var nokså bratt ned mot elvebreidda. Ei stor fjellhole der vart brukt som sjukehus for soldatane.

Vi fekk også besøkje ein stor minnekyrkjegard for falne der det var ca.7000 minneplater over hollendarar, engelskmenn og amerikanarar. Flott tillaga og stelt. Var også innom eit museum som viste mykje av situasjonen for desse fangane som skulle byggje jernbanen.
Japanarane var nok vel så raffinerte som tyskarane når det galdt tortur og mishandling. Heilt grusomt.

Elles må vi meddele at onsdagkvelden fekk vi vere med å feire svensk nasjonaldag (svenska flaggans dag) 6. juni. Dei har jo ikkje same tradisjon som oss med 17.mai og slikt, så dette var eit forsøk på å få til det som kanskje kan bli til ein tradisjon på denne dagen. Avslutta sjølvsagt med nydeleg svensk mat (bl.a. kjøttbullar og diverse sortar sild).

I dag var det ny buffè etter gudstenesta. Truleg på høg tid å vende nasa heimover snart så vi får meir kontroll med matinntaket. Her vert freistingane mange i så måte.

Tilslutt må vi ta ein av dei mange spesielle solnedgangar sett frå verandaen vår.

Ha ei god veke!

Ingen kommentarer: