søndag, juni 03, 2007

Frihelg

Dette vert nokre ord i all hast. Nettet låg nede i heile går og no står vi "på trappene" til å dra til Bangkok. Faktisk den første turen vi tek dit heilt på eiga hand. Kjem att tirsdag kveld etter å ha vore med på Nordmanns-forbundet sitt siste møte før "sommaren".

Må legge ved eit par bilder frå ein hyggeleg kveld ved strandkanten der Marie og Lars bur. Dei inviterte staben ++ ut til ein hyggekveld og hadde laga til herleg mat. Dei drar på ferie til Norge 26.juni, og vert såleis dei første som drar. Men dei skal jo tilbake til Pattaya og fortsette etter ferien. Det er no tilsett eit nytt eittåringspar som kjem etter at vi er reist heim.

Føre jul hadde vi juleverkstad for borna ved bassenget litt lenger oppe mot blokka. Chris og eg var dei einaste denne kvelden som ikkje greidde å motstå ein herleg dukkert der. Hadde dessverre ikkje bilde av badinga, men har eit flott bilde av han med solfarga skyer i horisonten.

Ha ei god veke!

1 kommentar:

Anonym sa...

Riktig god tur til Bangkok! Må dåke ikkje rote dåke vekk i den store byen, send ikkje ho mor på oppdrag åleine! :)