Før elefantshowet måtte alle elefantane ut i elva for eit avkjølande bad. Såg ut for at det var greit for dyr og menneske.
Så var dei klare for showet og dei kjem masjerande inn på arenaen.
Ute på elva var det også muliheter for og kjøpe drikke så her nede er det ingen plass der du ikkje får kjøpe drikke.
Som de ser var det fin natur vi sigla igjennom og her er hovudføraren som styrte oss ned gjennom elva.
Siste stopp på rundturen var vi innom eit område der det bur folk frå " Long Neck "- folket. Kjell Ivar fekk " prøve" ein slik krage og han vart forundra over vekta av desse kragane. Kvinna sin krage vog 5 kilo.
Her ser vi ei anna dame som sitte og vever sjal dei var utruleg vakre så det måtte eg kjøpe meg eit av.
Denne vesle jenta og mor henna kom vi i prat med og ho kunne fortelle at slik krage skal dattera henna sleppe og gå med. Utruli kjekt og få prate litt med dei.
Avslutninga på turen var vi innom ein tiger park. Det vart ein lang og innhaldsrik dag og vi har med oss mange gode opplevingar frå denne dagen.
1 kommentar:
Å så fantastisk kjekt å sjå :) dåkke har virkelig vore ute på sightsing!! Glede meg til å høyre meir!
Legg inn en kommentar