lørdag, januar 23, 2010

Litt Frå dagane i Pattaya.

Her kjem nokre bilder vi har tatt her i Pattaya.Var så fin solnedgang ein kveld vi gjekk langs stranda.


Ein av første kveldane vi var her var vi ein gjeng som var ute og fikk oss middag. Hansi tok oss med til ein fin resturang heilt nord i Pattaya. På bilde ser vi tre blide karar Rolf, Kjell Ivar og Hansi.

Etter middagen var det noke som var så heldi og få masasje Chris ser ut for og fått godt tak på Kjell Ivar.

Vi reiste frå jula men den var ikkje over når vi kom ned her , det var jule pynt i mange gater . Her er nok det største juletret som sto utanfor eit kjøpesenter.

Satt ein dag og venta på Kjell Ivar og då såg eg ein bil som hang på veggen ikkje så verst pynt dette?????

Onsdag kveld var vi på Lindas der det var ein kveld der det meste dreia seg om barnehjemmet som vi har samla inn pengar til heime. Hansi orjenterte om kvelden og det som skal skje.

Ein del av ungane på barnehjemmet sang for oss og det var flott og høyre på.

To av jentene viste oss ein Thai dans . Utruli fine ungar som ein ser har det godt og det er bra at så mange er med og støttar dei. Sputtnikk stilte opp og sang for oss litt seinare på kvelden.

Under ein kjempegod middag oppedaga vi at det var fleire frå Bygstad på Lindas denne kvelden. Kaffien måtte vi ta sammen.

Kjell Ivar har ikkje gløymt den gode kyllingen han fekk her nede.

Utsikt frå varandaen der vi bur.

Kveldsstemning frå stranda i Pattaya. Deili med varme fine kveldar der ein kan sitte og sjå på folkelivet eller berre nyte utsikten utover sjøen.

Ingen kommentarer: