Kjell Ivar utanfor det hotellet vi budde på dei to første dagane. Vi nyt varmen og har fine dagar her nede.
Manee er ofte på farten og han hjelper til visst det er noke vi treng hjelp til.
Laurdag var det grøtdag på kirka og då måtte vi innom der. Denne helga hadde dei besøk av generalsekreteren Audun han hadde ei helsing til alle dei som var innom.
Som de ser av dei to neste bilda så var her mange innom og smakte på grøten.
Veldi kjekt og helse på gamle kjente og høyre korleis dei har det. Blir nok nokre turar hit den tida vi er her.
Søndag var det gudstjeniste og gjett kven som spelte på piano. Vart ei fin samling der vi avslutta med kirkekaffi og mange gode kaker som husmor hadde laga.
1 kommentar:
Kjekt å sjå at de har det fint og kan nyte livet. Her er det faktisk også ei varmegrad idag!
Norunn
Legg inn en kommentar