søndag, april 01, 2007

Flytting, litt kaos og nytt besøk

Bloggen denne veka vert til i siste liten. Er nett kommen att frå Bangkok der vi har hatt to dagar saman med Bjørn og familien.

Men veka starta med opptrapping mot det som skulle skje torsdag og fredag då vi skulle flytte til den nye sjømannskyrkja (ikkje så langt unna). Over 30 frivillege (nokre med pickupar) kom for å ta eit tak. Var tøft nok å administrere ei stund. Men det gjekk betre enn venta. Torsdag litt etter lunch var alt komme til den nye kyrkja, unnateke det som høyrde til i skåpa på kjøkkenet. Det måtte vi vente til fredag med fordi ikkje alt var heilt klart på det nye. Laurdag veit vi at det vart servert laurdagsgraut på "kjerka", men utan vår deltaking. Vi drog til Bangkok fredag etter lunch for å møte Bjørn, Judith, Hanne Katrine og Ingvild.

Har hatt ei fin helg saman både på sight-seeing, river-cruise, shopping, ved måltid og i basseng. Legg (på bilde)merke til restaurantbesøk der ikkje ein einaste stol var lik. Bjørn syns vi "tok kaka" med tanke på stol. Restauranten låg i ein "bakgård" av den såkalla "Back-packer street", og hadde god mat for svoltne munnar.
Men Bangkok er stort og berre ein bitte liten del er sjanse å få med på par dagar, men likevel eit inntrykk av pulsen i denne spesielle byen. Vi ser fram til fine dagar sammen sjølv om Anne Grete og eg skal jobbe som vanleg denne veka, påskeveka.

Ha ei god veke og ei velsigna påskehelg!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei.
Ein lite overraskelse fra Sandane. For eg trur ikkje dokke ventar på nokon kommentar herifra. Men ville berre at de skulle vite at her spelar vi den nye CD en vår som heiter DET ER FULLFØRT...EI MUSIKALSK PÅSKEVANDRING. Svært vakker, tusen takk. Så mens vinden ular og snøen legg seg kring påskeliljene ute, let vi denne skjærtorsdagen desse orda nå inn til oss: "OG OPP OR KAMP OG BØN DU STÅR, SKAL MØTE KROSS OG VE.MEN STERK OG FULL AV RO DU GÅR UT AV GETSEMANE." Ha ei strålande påske.
Helsing oss her v/ Solfrid