Denne veka har vore ei ganske "ordinær" veke for oss. Men på tross av at høgsesongen er over, kjem det stadig nye menneske innom. Og det er alltid kjekt. Men elles er dei fleste som no er innom, meir eller mindre fastbuande her.
På besøk med graut på sjukehus i går, møtte vi framleis ein god del nordmenn. Nokre satt og venta på vårt "grautbesøk", og det er jo alltid kjekt å vere venta og velkommen. Vi vert omtrent alltid ønskt hjarteleg velkomne.
I ettermiddag har vi hatt gudsteneste i kapellet på Redmtorist senter med bl.a. dåp av to born (søsken). Eldste-mann (på 3 år) var ikkje heilt "med på notane", men alt kom no vel i hamn til slutt. Ca. 30 stk. til gudsteneste er bra såpass
utanfor sesongen. Som vanleg er det kyrkjekaffi med kaffi og vaflar. Det er faktisk berre to gudstenester til vi skal vere der, før vi dreg til Norge.
På besøk med graut på sjukehus i går, møtte vi framleis ein god del nordmenn. Nokre satt og venta på vårt "grautbesøk", og det er jo alltid kjekt å vere venta og velkommen. Vi vert omtrent alltid ønskt hjarteleg velkomne.
I ettermiddag har vi hatt gudsteneste i kapellet på Redmtorist senter med bl.a. dåp av to born (søsken). Eldste-mann (på 3 år) var ikkje heilt "med på notane", men alt kom no vel i hamn til slutt. Ca. 30 stk. til gudsteneste er bra såpass
Forrige blogg var omtrent berre frå den flotte turen vi hadde i forrige veke. Tar med nokre bilde også denne veka frå turen som talar for seg sjølv, bl.a. med fornøgde fruer og herrar.
Ei lita søt jente stilte velvillig opp med den fine kvalpen sin, så vi fekk vi ta bilde. Ho fekk sjølvsagt noko for å vere foto-objekt, og takka og bukka og smilte. Til eksempel for born i Norge!